Dark Overlay

Sosialfagleg kompetanse inn i skulen

Sosialfagleg kompetanse inn i skulen Ei av dei største utfordringane skulen har er at mange elevar ikkje i tilstrekkeleg grad lærer, lykkast og trivast i skulen. Mange fullfører grunnskulen utan å ha tileigna seg kunnskap og ferdigheiter som trengs. Dei som mislykkast i skulen kan få problem med å meistre vaksenlivet. FO Møre og Romsdal meiner at barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar i større grad må verte ein del av skulen sin kjernekompetanse. Tverrfagleg samarbeid er eit godt verkemiddel for å sikre alle elevar sin rett til opplæring. Sosialfagleg kompetanse i skulen er viktig for til dømes førebygging av mobbing, fråfall i vidaregåande skule og for å utjamne sosial ulikskap. FO Møre og Romsdal meiner at det må skapast ein skule der alle barn blir sett. Eit viktig bidrag til dette er at våre profesjonar trekkast inn i arbeidet og opplæringa. Framtida vår treng sosialfagleg kompetanse! Åndalsnes 08.03.16 Årsmøte FO Møre og Romsdal