Dark Overlay

Prioriter sosialfagleg kompetanse i kommunane

Prioriter sosialfagleg kompetanse i kommunane Regjeringa vil innføre kompetansekrav i helse- og omsorgstenestelov. Dei foreslår at legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar og psykologar skal vere gjeldande som kjernekompetanse, og at kommunane sjølv må vurdere kva slags personell som er nødvendig. Dette for at kommunar skal ha eit forsvarleg helse- og omsorgstilbod. For å sikre at kvaliteten på helse- og omsorgs tilboda vert gode, krev FO Møre og Romsdal at barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar skal inn i denne kjernekompetansen. Dette er avgjerande for at kommunane skal ha Stortinget sitt mål om ei breidde i kompetansen på tilsette, og for å møte behova til dei mange brukarane med fleire og samansette behov for tenester. Regjeringa seier sjølv at sosialfagleg kompetanse er viktig for å sikre ei tverrfagleg breidde på tilsettes kompetanse, og for å hjelpe pasientar, brukarar og pårørande til å løyse sosiale utfordringer knytt til blant anna rus, funksjonshemming og psykiske helse. Noko anna er også at fleirfagleg helse – og sosialkompetanse er viktig for å koordinere kommunale og statlege tenester jfr. Helse – og omsorgstenestelova, Lov om sosiale tenester i NAV, Spesialisthelsetenestelova m.fl. Vidare seier og Regjeringa at sosialfagleg kompetanse og vernepleiar/spesialpedagogisk kompetanse vil vere avgjerande for at kommunane i tråd med kommunereforma skal få større ansvar og fleire oppgåver. Uansett må sosialfagleg kompetanse inngå i eit fleirfagleg arbeid til det beste for innbyggarane i Møre og Romsdal. Framtida si primærhelseteneste treng sosialsfagleg kompetanse! Åndalsnes 08. mars 2016 Årsmøte FO Møre og Romsdal