Handlingsprogrammet for 2018- 2020
FO MØRE OG ROMSDAL
HANDLINGSPROGRAM 2018-2020
Fellesorganisasjonen (FO) Møre og Romsdal byggjer arbeidet sitt på FO sitt prinsipprogram som vart vedteke på FO sin Kongress i 2015, og vil i denne årsmøteperioden særleg legge vekt på følgjande oppgåver:
Vere ein synleg organisasjon med medlemane i fokus ved å
- Arbeide for betring av arbeidsmiljø, vald, truslar, trakassering m.m. og gode arbeidstidsordningar
- Arbeide for å betre lønnsnivå, likelønn, rett til heiltid og utteljing for kompetanse
- Arbeide mot sosial dumping
- Auke engasjement og aktivitet i klubbane
- Auke FO- studentar sin aktiv deltaking i organisasjonsarbeidet
- Fremje medvit om identitet, kvalitet og etikk i yrkesutøvinga
- Ivareta arbeidstakarinteresser i omstillingsprosessar
- Styrke klubbnivået gjennom ei sterk og synleg tillitsvaldskulering
- Synleggjere yrkesgruppene sine kompetansar
- Utvikle kommunikasjon og informasjon til medlemane, særleg gjennom aktiv bruk av heimesidene og eventuelt andre relevante kanalar.
Vere ein veksande organisasjon med innverknad ved å
- Danne alliansar med andre forbund og organisasjonar
- Drive aktiv medlemsverving av både yrkesaktive, studentar og pensjonistar
- Drive ein aktiv politikk for å ta vare på og nytte kompetansen til eldre medlemer
- Fremje kontakt og samarbeid med utdanningsinstitusjonane i fylket
- Synleggjere og betre medlemsfordelane
- Utvikle tiltak for å rekruttere tillitsvalde/hovudtillitsvalde
Vere ei uredd stemme i den helse- og sosialpolitiske debatten ved å stå opp for trygghet •
- Arbeide for auka kvalitet i helse- og sosialtenestene, med særleg vekt på barnevernstenesta
- Arbeide for barns medverknad
- Arbeide for en fagligbegrunna bolig- og omsorgspolitikk for personer med ulike hjelpebehov
- Arbeide for internasjonalt samarbeid og solidaritetsarbeid
- Arbeide for å styrke føresetnadane i kommunane for å kunne ivareta nye sosialfaglege oppgåver med høg kvalitet.
- Arbeide for å utvikle asylbarns rettar og situasjon
- Forsvare ein sterk velferdsstat - stoppe marknadsretting av offentleg sektor
- Følgje utviklinga og bidra til og sikre god sosialfaglig kompetanse i velferdsstaten
- Kjempe mot fattigdom, ulikskap og arbeide for utjamning
Styret får fullmakt med utgangspunkt i handlingsprogrammet å utarbeide prioritert handlingsplan for årsmøteperioden
Styret får fullmakt med utgangspunkt i handlingsprogrammet å utarbeide handlingsplan for årsmøteperioden 2018- 2020