Umiddelbar oppfølging av alle som fell frå i vidaregåande skule. Regjeringa sin fullføringsreform er såleis viktig for å auke trivselen og meistringa i skuletida, slik at ein vel dei faga ein brenn for og er motivert for å jobbe med.

Når nokon likevel fell frå er det viktig med tett oppfølging for å sikre at elevane kjem tilbake til skule, evt. arbeid. Ungdom som fell frå i ung alder kostar individet og samfunnet enormt, så det er mykje gevinst å hente på tett – tett – oppfølging når ungdom slit. Men enda viktigare – godt førebyggande arbeid, i barnehage og skule først. Alle barn MÅ sikrast at dei har minimum 1 fritidsaktivitet, slik at dei har sosial omgong med andre. Born som har minst ein ven klarer seg langt betre enn dei som står med kjensle av at dei ikkje betyr noko for nokon. Det må vi ta tak i – på alvor. Ei brei satsing på gode tilbod innanfor skule og fritid, som støttar dei unge sitt behov for aktivitet og fellesskap er difor avgjerande. Ei utvida satsing på fritidskort, tilbod om fritidsaktivitetar og fellesskapsløysingar i skule og barnehage er viktig for oss i Venstre.

Venstre har innført gratis kjernetid for barnefamiliar med låg inntekt både i barnehage og på SFO. Vi har også gjennomført ei reform for tidleg innsats i skulen, som også forhindrar utanforskap.