Barnetrygda vart justert opp i 2018 og i 2019 for første gang på 20 år. No får barnefamiliane 7200 kroner meir pr barn under 6 år enn dei gjorde før 2018. For Venstre handlar det no om å gi mest til dei som treng det mest. Difor vil vi legge om barnetrygda slik at familiar med låg inntekt får meir enn dei gjer i dag. I tillegg vil vi sikre at barnetrygda vert halden utanfor berekningsgrunnlaget av sosialhjelp og fjerne kommunane sitt høve til å redusere utbetalingane til familiar som mottar barnetrygd.