Absolutt! Her er det mykje å hente på vegen til å bli godt samfunnstenleg, kundevennleg og resultatorientert (på anna enn punkt for oppfølging, som dei måler i dag). Eg meiner at måten ein miksa saman ulik verdifull kompetanse på – og nøytraliserte alt og alle, var svært ugunstig. Når alle yrkesgrupper som kom inn i NAV vart sett til å løyse nøyaktig dei same oppgåvene, så forsvann den einskilte sin eigenart, og kompetansen vart ikkje nytta for det den er verdt. Dette har etter kvart gjort NAV til ein standardfabrikk, meir enn eit godt verkemiddel for å hjelpe folk tilbake til arbeid, og vere ein støttefunksjon for dei som treng hjelp til skjemaveldet.