Rusmisbruk er ein svært kompleks samfunnsutfordring, men straffelinja er eit feilskjær både etisk og kunnskapsmessig. For oss er det openbart at straff må erstattast av hjelp, MDG har lenge kjempa for ein human ruspolitikk basert på avkriminalisering. Me går også no inn for regulert omsetting av cannabis. Hensikta er særleg å ta knekken på kriminelle rusmiljø, som ofte startar med å selge relativt uskyldig cannabis, før dei pushar tyngre stoff på dei sårbare menneska dei oppretter kontakt med. Ein annan hensikt er moglegheita for å sikre av at hasjen som er i omløp er rein og ikkje har blitt iblanda farlege stoffar.