Utan tvil! Denne er svært viktig for at vi skal hindre meir utanforskap, og for at vi skal kunne hjelpe ungdom som er sårbare og i ein vanskeleg situasjon. Trusselen om straff hindrar altfor mange å be om hjelp, og vi meiner at dette kan dytte sårbare unge ut i kriminalitet. I Venstre trur vi på tillit og omsorg, og eg er viss på at vi kjem i posisjon til å hjelpe fleire dersom vi legg vekt på å bygge relasjonar framfor å vise ein kald skulder når nokon trør feil. Men alt heng saman med alt, så arbeider vi godt i barnehage og skule, slik at alle kjenner seg sett og verdsett, så vil færre søke til den trøsta og fellesskapet rusmiljøet kan gje. Reforma er også viktig for å hjelpe dei som allereie har eit etablert rusproblem, så dei blir møtt med hjartevarme, som det mennesket dei er, i staden for å vere sett i båsen som ein kriminell, og behandla deretter.