Dark Overlay

Turnuskurs del 2, med Svein Arne Thrana

apr
Scandic Sunnfjord hotell & spa, 6802 FØRDE
  • (29. april)
  • (30. april)

Turnuskurs med Svein Arne Thrana. Dette er dei to siste dagane av Thrana sitt turnuskurs som går over 4 dagar. Det er høve til å melde seg på å delta på desse to dagane, uavhengig om ein deltok på dei to første.

Tidspunkt: 29.-30. april 2019. Oppstart dag 1 kl. 10.00. Registrering og mat frå kl. 09.30

Stad: Scandic Sunnfjord Hotell

Forelesar: Svein Arne Thrana. Thrana er leiande på turnusplanlegging i Norge, og spesialist på lov- og avtaleverk. Meir informasjon på https://www.thranahr.no/turnuskurs/

Målgruppe: tillitsvalde, leiarar og turnusplanleggarar

Prisar: FO Sogn og Fjordane dekkjer alle utgifter for våre tillitsvalde.

For leiarar, turnusplanleggjarar og andre som er medlem i FO, dekkjer FO delar av deltakaravgifta med kr. 1000. Dette kjem i fråtrekk på oppgjeve prisar nedanfor. Kostnad på reise, tapt arbeidsforteneste og opphald, må dekkjast av arbeidsgjevar.

Pris for deltakarar som ikkje er tillitsvalde:

Kurspakke med overnatting: kr. 3800,-                            

Kurspakke utan overnatting: kr.2500,-

Påmelding: Tillitsvalde melder seg på ved å logge seg inn på min side og gå til www.fo.no/kurs-konferanser. Du må være logget inn for å kunne melde deg på.

Andre deltakarar sender e-post til: sognogfjordane@fo.no

Spørsmål kan rettast til sognogfjordane@fo.no eller tlf. 913 62 737

Tema desse to dagane: Turnusplanlegging, Helsemessige vurderingar i turnusplanlegging, Metodikk og oppsett av bemanning- og turnusplanar, Oppgåver og gjennomgang i plenum, Diskusjon ved oppsett av turnusplanar, Primærgrupper- og oppsett, Års- og ønsketurnusproblematikk.

 

Kurspåmelding

Registreringen er lukket

Registrering for dette kurset ble lukket 02.04.2019