Søk

Du er her:

FO Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - Tillitsvalgtkurs om lønns - og arbeidsforhold

Voss , 27.08.2018 - 31.08.2018

 

Tid:      27 - 31. august: Oppstart: mandag 27.08 - kl. 1130 Avslutning: fredag 31.08. ca. kl. 1300

Sted:    Fleischers Hotell, Voss

 

Tillitsvaldkurs om lønns - og arbeidsforhold

Det er klart for årets LAF- kurs. Dette fagforeiningskurset har fokus på arbeidstakarane sine rettar og plikter etter lov- og avtaleverket. Tillitsvalde sitt arbeid i vid forstand er tema. Som deltakar vil du få kunnskap om FO som organisasjon, kva rolla som tillitsvald inneheld, hovudavtalar og hovudtariffavtale, forhandlingar, tilsettingar, stillingsvern og ferielov. Kurset vil gje kunnskap om lover og avtalar som gjeld i arbeidslivet.

Kurset er basert på førelesningar, innleiingar og gruppearbeid.

Kurset er retta inn mot tillitsvalde i KS (kommune og fylkeskommune). Medlemmer som ynskjer å skulere seg for seinare å ta verv i FO er og velkomne på kurset.

Vi oppmodar til at flere tillitsvalgte/medlemmer fra samme klubb deltek. FO-kvardagen blir enklare når ein er fleire som har same kunnskap.

Kurset er begrensa til 25 deltakarar, frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland.

Kurset er gratis for FO-medlemmer. FO dekkjer kost og losji. Behov for overnatting frå søndag må opplysast ved påmelding. Det vert ikkje gjeve kostgodtgjering på reise til og frå kurset. Dokumentert tapt arbeidsforteneste kan dekkast. Det kan gjevast stønad til barnetilsyn.

Reiseutgifter: Vert dekka etter billigaste reisemåte. Det vert bestilt fellesreise med tog til/frå Bergen. Bruk av eigen bil må avtalast særskilt med kursarrangør.

Permisjon: Permisjonsrettar og tillitsvalde sin rett til fri frå ordinært arbeid finn ein i HA. Den gjennomgåande hovedregel er at ein skal få nødvendig fri for å kunne utøve vervet som hovudtillitsvald. Deltakarar søkjer arbeidsgjevar om permisjon med løn etter gjeldande bestemmelse: Hovudavtalen KS - § 3.6.     

Kurshaldarar: FO Rogaland v/Ivar Kvadsheim, FO Sogn og Fjordane v/Jan Egil Haugland og FO Hordaland v/Bente Owren

Påmelding: Via FO sin heimeside, www.fo.no - kurs- og konferansar. Treng du hjelp for innlogging: kontakt di fylkesavdeling.

Påmeldingsfrist: 3. august. Det er bindande påmelding.   

Tilbakemelding på om du har komme med på kurset vert sendt ut etter at påmeldingsfristen er gått ut. Program vil bli sendt ut ca. 1 veke før kurset.

Spørsmål om kurset? Kontakt FO Sogn og Fjordane v/ fylkessekretær Jan Egil Haugland, tlf.: 913 62 737, mail: sognogfjordane@fo.no

V

 

Fellesorganisasjonen (FO)
Mariboesgate 13
Pb 4693 Sofienberg
0506 OSLO

Fakturaadresse: Fellesorganisasjonen
v/4human AS, Postboks 853, 3606 Kongsberg
faktura@4humanIT.no


Tlf.: 91 91 99 16 | kontor@fo.no
(Tlf fra utlandet: +47 22469487)

Hurtiglenker

@ FO 2018 - Webredaktør: rune.soma@fo.no - Ansvarlig redaktør: Mimmi Kvisvik

CorePublish publiseringsløsning