Søk

Du er her:

FO Sogn og Fjordane - Innkalling til Representantskapsmøte

15.11.2017 - 16.11.2017

Tid: Samlinga tek til den 15.november kl. 10.00  og vert avslutta den 16. november kl. 15.30.

Stad: Sunnfjord hotell, Førde

 

Innkalling til Representantskapsmøte  den 15. og 16. november

Tema: Saker som skal handsamast på representantskapet er mellom anna:

  • Tariffoppgjeret 2018

  • budsjett 2018

  • val av settevalkomite

    Vi sender ut debattheftet om hovudtariffoppgjeret 2018 som klubbane kan nytte til diskusjon i høve neste års hovudoppgjer. I desember skal FO vedta kva som er viktig krav frå oss og oversende til LO. Fylkessekretær og tariffpolitisk utval legger opp til både informasjon og diskusjon. Den 15.november  vil det og vere tema om arbeidsgjevars styringsrett.

    Saker frå klubbane må vere oss i hende innan 31. oktober.  Sakene vert sendt ut innan 2. november 2017.

    Representasjon: De må sjølve kalla inn vara om de ikkje kan møte.

    Påmeldingsfrist : Frist for påmelding: snarast og innan 2.november 2017 .  Gje melding om du skal delta begge dagane og treng overnatting.

    Påmelding :   www.fo.no  gå inn på «kursportalen» og kommande kurs event. send e-post til: leder@sognogfjordane.fo.no

    Permisjon:      Tillitsvalde og representantane har i høve gjeldande avtaleverk rett til  

    permisjon med løn. Reise vert dekka av FO Sogn og Fjordane. Legg innkalling ved permisjonssøknaden.

    Permisjon for styremedlemmar og Representantskapsmedlemmar gjeld fylgjande:

    Kommunesektoren: HA Del B § 3-5.c "Det kan ikkje utan tvingande grunn nektast permisjon med lønn i inntil 12 dagar pr. år for valde, faste medlemmer i en arbeistakarorganisasjon sitt -

    styrande vedtektsfesta sentrale organ, - styrande vedtektsfeta distrikts/ fylkesorgan, - øvste vedtektsfesta organ på distrikts/fylkesplan og dessutan til valde medlemmer og delegater for å møte på arbeidstakarorganisasjonens/ hovudsamanslutninga sitt høgste organ (landsmøter/ kongress).

    Spekter: HA § 26 Tjenestefri for ansatte

    Ansatte skal ikke uten tvingende grunn nektes tjenestefri når de skal delta i: e) representantskapsmøter. Viser også til HA § 45 ang. avlønning 5. avsnitt: "Organisasjonstillitsvalgte er de ansatte med verv innen fagorganisasjonen i virksomheten og som er valgt etter den enkelte organisasjons vedtekter. Dersom desse skal delta på møter i eigen organisasjon i verksemder som ikkje kan skje på fritid, kan dei lokale

    partar inngå avtaler om kva møter som kan leggast til arbeidstida. I slike tilfeller kan møta gjennomførast utan trekk i lønn."

    Stat: HA § 34.1: "Tillitsvalte på arbeidsstaden og tilsette med tillitsvald verv innan organisasjonen skal ikkje utan tvingande grunn nektast tenestefri med lønn for å delta på avdelingstyre- forbundstyre og landstyremøter, landsmøter og kongress og representantskapsmøter. Det same gjelder styremøter og møter i faste organ som er oppretta av og/ eller rådgjevande til styret, når desse ikkje kan haldast utanom arbeidstid.".

     

     

Fellesorganisasjonen (FO)
Mariboesgate 13
Pb 4693 Sofienberg
0506 OSLO

Fakturaadresse: Fellesorganisasjonen
v/4human AS, Postboks 853, 3606 Kongsberg
faktura@4humanIT.no


Tlf.: 02380 | kontor@fo.no
(Tlf fra utlandet: +47 22469487)

Hurtiglenker

@ FO 2017 - Webredaktør: rune.soma@fo.no - Ansvarlig redaktør: Mimmi Kvisvik

CorePublish publiseringsløsning