Søk

Du er her:

FO Sogn og Fjordane - Lisbeth Pipping kjem til Førde 2.oktober

Førde , 02.10.2017

Tid: Mandag 2.oktober kl 10.00 – 15.00

Stad: Kyrkjelydshuset i Førde, Kyrkjevegen 23F.

Lisbeth Pipping er ein svensk forfattar som voks opp med ei utviklingshemma mor utan evne til å ta vare på barn. Det var aldri laken på senga til Lisbeth Pipping då ho voks opp. Det var aldri nok mat, ingen trøysta og plastra oppskrubba kne. Faren prøvde ei stund før alkoholen tok overtak og han forsvann. Mor hadde ein kognitiv funksjon omtrent som ein seks-sju-åring. Når barnet gråt, gråt mor også. «Derfor slutta eg å vere lei meg» erindrar Lisbeth Pipping.

Når ein veks opp med ein voksen som ikkje har foreldreevne, kan ein bli så redd at ein nesten dør. Lisbeth Pipping overlevde. No brukar ho si eiga historie til opplysningsarbeid blant barn og vaksne.

No har du høve til å oppleve den svært engasjerte og dyktige forfattaren Lisbeth Pipping.

Påmeldingsfrist: 4.september 2017

Påmelding via kursportalen www.fo.no/kommende.kurs

Konferansen er gratis for FO Sogn og Fjordane sine medlemer. Andre kan melde seg på til: Leder@sognogfjordane.fo.no mot å betale ei konferanseavgift på kr 500,-. Må betalast ved påmelding til konto nr. 3705.17.57298. Det vert ikkje dekka reiseutgifter eller tapt arbeidsforteneste.

Fellesorganisasjonen (FO)
Mariboesgate 13
Pb 4693 Sofienberg
0506 OSLO

Fakturaadresse: Fellesorganisasjonen
v/4human AS, Postboks 853, 3606 Kongsberg
faktura@4humanIT.no


Tlf.: 02380 | kontor@fo.no
(Tlf fra utlandet: +47 22469487)

Hurtiglenker

@ FO 2017 - Webredaktør: rune.soma@fo.no - Ansvarlig redaktør: Mimmi Kvisvik

CorePublish publiseringsløsning