Grunnlagsdokumentet FO Vestland (PDF, 907KB)

Dette dokumentet omhandlar samanslåinga av FO Hordaland og FO Sogn og Fjordane til ei fylkesavdeling, FO Vestland. Den politiske kommune- og regionreforma  som dagens regjering har lagt fram vil påverka FO`s heilskaplege organisering framover. Fylka  Sogn og Fjordane og Hordaland er vedtatt samanslegne frå januar 2020.

FO  i ei kontinuerleg organisasjonsutvikling og Landsstyret er i ein prosess med kartlegging og drøftingar rundt FO`s struktur og organisasjon fram til Landsmøte i 2019. Denne prosessen vil ha innverknad på framtidig organisering. Landsstyret fatta i mars 2018 vedtak om å fremma sak for Landsmøte hausten 2019 om at FO skal følgja dei nye fylkesgrensene.

Prosessen i avdelingane starta hausten 2018 med felles avdelingsstyremøte. Felles AU møte januar 2019 vedtok å setja ned ei arbeidsgruppe, jamfør mandat frå avdelingsstyra. Leiarane og fylkessekretærane til dei to fylkesavdelingane har utgjort arbeidsgruppa. Arbeidet har gått føre seg frå september 2018 og vil vara ut 2019.  Arbeidet har vore utført via jamlege arbeidsgruppemøte med drøftingar og individuelt utgreiings- og kartleggingsarbeidet mellom møta. Styra og representantskapa har vore jamleg orientert og involvert i prosessen.

Dette grunnlagsdokumentet skildrar  bakgrunnen  for forslag om samanslåing, kartlegging av no-situasjon med medlemstal, tillitsvalte og framtidige behov. Arbeidsgruppa legg fram, på bakgrunn av funn og konklusjonar, eit forslag til framtidig behov, organisering og tilråding for representantskap og ekstraordinære årsmøte desember 2019. Det vil bli set ned eit interimsstyre som vil førebu årsmøte for FO Vestland 10. – 11. mars 2020.

Mandatet, vedtatt av felles arbeidsutvalsmøte, inneheld behovsanalyse, oversikt geografi, ulike modellar for organisering som beskriv funksjonsfordeling, organisasjonskart og geografisk plassering, og dessutan forankring i organisasjonen lokal/sentralt, oppsummering/konklusjon frå arbeidsgruppa og tilråding som skal leggast fram for representantskapa for vedtak.