I 2020 tok 639 personar sitt eige liv. Blant desse var det 467 menn og 172 kvinner. Median alder for sjølvmord er 47 år, det vil sei at halvparten er eldre og halvparten yngre enn 47 år. Sjølvmord er den dødsårsaka som tek flest liv i aldersgruppa 15- 49 år. Dette gjeld for både kvinner og menn. Verken trafikkulykker eller overdosar tek lika mange liv i denne aldersgruppa. 7 av 10 som slite psykisk ber ikkje om hjelp. Det er fortsett tabu og stigma å snakka om psykiske utfordringa og lidingar.  Og for dei fåe som ber om hjelp veit me at mange må stå i kø til eit helsevesen som ikkje klarar å behandla alle tidsnok. Ventetid blir for lang. Dette betyr at mange av dei som har auka risiko for sjølvmord kjem ikkje i kontakt med hjelpevesenet.  
I følge FHI sin folkehelserapport er det 10 etterlatne og nærståande etter kvart sjølvmord. Det vil med andre ord sei at mellom 5000 og 6000 etterlatne er råka kvart år. Fleire studie finn høgare førekomst av posttraumatiske stressreaksjonar, forlenga sorg, depresjon, angst og sjølvmordstankar og/eller -sjølvmordsforsøk hjå etterlatne etter sjølvmord.

Vil me ha det slik? 
Sjølvmord er eit betydeleg samfunns,- og folkehelseproblem som råkar altfor mange!

FO Vestland krev politisk handling til å setja inn alle ressursar for psykisk helse. Me må starta med tidlegare innsats og folk må få hjelp der dei bur!

•    Det må etablerast eit større lågterskeltilbod om akuttpsykiatri i kommunane.
•    Prosjektmidlar til oppstart av dette må øyremerkast.
•    Det må fleire helsesjukepleiarar og miljøterapeutar som driv førebyggjande arbeid inn i skulane.
•    Det må satsast meir på opplysnings ,-og forskingsarbeid.


Årsmøte, 2022
FO Vestland