Senterpartiet meiner det er behov for ei tillitsreform i offentleg sektor. Det har i dei siste tjue åra vakse fram ein styrings- og leiingskultur i offentleg sektor som byggjer på ei altfor snever målstyring, der etatar vert styrt etter eit stort apparat av enkle, kvantitative mål, utan ei heilskapleg tilnærming til kva behovet i tenesta faktisk er. I praksis har målstyringa like gjerne blitt eit hinder for at gode og kvalifiserte avgjersler blir tatt av dei som kjenner området best, og eit hinder for at etatar kan lære av erfaringar og utvikle betre tenester.   

Lokale tillitsreformer må utformast lokalt, gjennom dialog med politikarar, administrasjon og tilsette. Senterpartiet meiner at nøkkelen til meir tillitsbaserte løysingar i kommunal sektor ligg i erfaringane frå det lokale trepartssamarbeidet. Vi kan ikkje vedta tillit. Arbeidet må prioriterast, systematiserast og organiserast slik at samarbeid og tillitsbaserte relasjonar blir en sentral del av kulturen i kommunen.   

Vi har fremma eit eige representantforslag om tillitsreform i skulen: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2017-2018/dok8-201718-194s/