Vi vil ha ei tillitsreform der NAV saman med borgaren finn fram til den hjelpa som høver best, utan at eit rigid regelverk er eit hinder. Dette vedtok Venstre sitt landsstyre i fjor haust. Opposisjonens snakk om ein generell «tillitsreform» i offentlig sektor tyder i realiteten at dei vil fråta statlege verksemder fridomen til å jobbe på den måten dei sjølv ynskjer. Å kalle det ein «tillitsreform» vitnar om at bakgrunnen for forslaget er at dei ikkje har tillit til private aktørar. Eg har tillit til at kommunene og verksemdene best veit korleis dei kan nå måla som er satt. Difor skal dei ha fridom og handlingsrom til å ta i bruk innovative arbeidsmetodar og løyse oppgåvene på den måten som virkar best etter dei lokale tilhøva.