FO Vestland vil gratulere våre medlemmer som jobbar med sosialpedagogisk praksis. 2. oktober er den internasjonale sosialpedagogdagen. I Norge gjelder dette først og fremst barnevernspedagogar og vernepleiarar.

I år har vi verkeleg grunn til å gje dei som jobbar for å hindre utanforskap og marginaliseringa ekstra merknad. Den verdsomfattande krisa vi har vore inne i har satt heile samfunnet på prøve.  I kriser er det særleg dei som har det vanskeleg frå før som får det enda verre.

Barn i krevjande omsorgssituasjonar, dei som treng noko ekstra i skulen, ungdommen som mista læreplassen eller barn og vaksne med funksjonsnedsettingar som har blitt isolert på grunn av smittefare. For desse har konsekvensane av nedstengninga og smittevernreglar vore store.

Det siste halvåret er det nokre profesjonsutøvarar som har tatt eit ekstra ansvar. Helse- og sosialarbeidarar er samfunnskritisk personell, som kvar dag under pandemien har jobba for dei som er hardast rammet. Dei fortener ein stor takk for den jobben dei gjer.

Vi veit at mange har stått på, vore kreative og funnet nye måter å jobbe på. Det er helse- og sosialarbeidarar som har fylgt opp fosterforeldre på tur og møtt familiar ute. Miljøterapeutar på skuler som har vært på heimebesøk og ringt elever som har hatt det vanskeleg, oppretta chatterom og digitale ungdomsklubbar.

Det er helse- og sosialarbeidarar som har fylgt opp daglege aktivitetar og sosial kontakt med restriktive smittevernreglar, og sørga for at brukarar med ulike behov har kunne leve så normalt som mogleg.

Dette er profesjonsutøvarar som høglytt har fortalt myndigheita om konsekvensane av ned stenginga og kravde at kommunar og myndigheita iverksette nødvendige tiltak og tilbod. Dei har vore stemmer for dei mest sårbare gruppene og dem som blei hardast ramma då landet stengte 12. mars.

Dei helse- og sosialfaglege profesjonane er garantistar for at barn sine rettigheiter blir ivaretatt og for at personar med nedsett funksjonsevne inkluderast i samfunnet. Dette er stolte tilsette. Dei finnes i barnevernet, i skulen, på institusjonar, i kommunane, i psykisk helsearbeid, i arbeid med menneske med ulike funksjonsnedsettingar, i rusomsorg, i kriminalomsorg med meir. Kort sagt, dei er overalt. Du treng ikkje leite lenge før du finner ein. Gje dem eit vennleg smil, ein takk, ein gratulasjon med dagen.

FO Vestland ønskjer alle barnevernspedagogar og vernepleiarar til lykke med dagen. Som fagforeining og profesjonsforbund understrekar vi at medarbeidarane innan våre profesjonar har den kompetansen som trengs, både til å fortelje myndigheitene om kva som skal til for å bygge gode oppvekstmiljø og til å sørgje for at menneske i vanskelege livssituasjonar får den hjelpen og tilrettelegginga dei trenger.

FO Vestland er stolte av å ha dere som medlemmer. Tusen takk for den jobben dere gjer. Det går ikkje utan dere!

 Ann-Kristin Nygård

nestleiar i FO Vestland