Det er ikkje gjennom reduksjon i økonomiske ytingar eller meir bruk av pisk vi kan få brukarane i NAV ut i arbeidslivet. Mange av brukarane trenger mykje meir enn ein ledig jobb eller praksisplass for å kome i arbeid. Fellesorganisasjonen (FO) vil ha auka fokus på sosialfagleg kompetanse i NAV og tilstrekkeleg med ressursar til å utøve godt sosialfagleg arbeid overfor brukarar med komplekse og samansette behov.
Arbeid og aktivitet står sentralt i NAV og er målet for de aller fleste som står utanfor arbeidslivet. Ofte må andre og heilt grunnleggande ting i livet på plass, før tiltak som skal føre vedkommande ut i arbeid, kan lykkast. Vi veit at målretta arbeid med enkelte grupper, som til dømes ungdom, innvandrarar og personer med nedsett funksjonsevne, er heilt avgjerande for å hjelpe folk ut i arbeidslivet. Tett oppfølging, fleksible rammer og tilstrekkeleg med tid og ressursar står heilt sentralt. Ekspertutvalet føreslo at NAV-kontora må få større fridom til å tilpasse tenestene og tiltaksbruken. Slik kan ein møte brukaren på ein betre måte og med ei heilskapleg tilnærming. Det må og leggast større vekt på resultat for brukaren og mindre på teljing av gjennomførte aktivitetar.

Arbeidsinkludering føreset god kjennskap til lokale bedrifter og lokalt næringsliv, og det må vere etablert eit gjensidig tillitsforhold mellom NAV og arbeidslivet. Kombinasjonen av sosialfagleg kompetanse og arbeidslivskompetanse er derfor helt nødvendig på NAV-kontora. Nærleik til lokalsamfunnet og gode koordinerte tenester er avgjerande for at NAV skal stå fram som truverdig i samarbeid med andre aktørar.
Godt sosialfagleg arbeid i NAV føreset trygge og gode rammer for de tilsette, samt nødvendig fleksibilitet og handlingsrom til å ivareta brukarane sine behov. Endringsarbeid er både tid- og ressurskrevjande, og fordrar derfor tett oppfølging og tilstrekkeleg bemanning.

Førde, 2.november 2015
Representantskapet i
FO Sogn og Fjordane