RS-sak 16/13 Uttale frå Representantskapet

Ein blåblå-regjeringsprofil utfordrar velferdsordningane

Fellesorganisasjonen (FO) ser gode intensjonar på viktige områder i den politiske plattforma som blei presentert av dei blå-blå regjeringspartia. Samtidig etterlyser FO vilje til å ta i bruk virkemidlane som fører fram til at ein oppnår intensjonane i den politiske plattforma.

Regjeringa som Høgre og FrP dannar, utfordrar arbeidslivet sine rammer på fleire områder. Dialogen mellom regjeringa og arbeidslivsrepresentantane vil bli avgjerande for eit godt arbeidsliv. I følgje regjeringspartia ligg det gode intensjonar om eit inkluderande og godt arbeidsliv. Virkemidla som vert føreslått, ser FO imidlertid som ei oppskrift på å oppnå det motsette. Det skapast ikkje eit inkluderande og godt arbeidsliv med basis i utvida tilgang til midlertidige tilsettingar, normerte sjukemeldingar, oppmyking av arbeidsmiljøloven ved gjennomsnittsberekning av arbeidstid, alternative turnusordningar og uttak av overtid.

For FO vil kampen for likelønn ikkje bli mindre viktig i åra som kjem. For at kampen for likelønn ikkje skal stagnere, er vi avhengig av eit godt og forutsigbart  trepartsamarbeid. FO oppfordrar regjeringa til å bidra til dette gjennom ein konstruktiv holdning overfor arbeidslivet sine partar. Arbeidslivet er den viktigaste kamparenaen for likestilling.

Regjeringspartia og deira samarbeidspartnarar i Stortinget er blitt einige om ein fedrekvote på ti veker. FO meiner det er eit tilbakeslag for likestillinga at den reduserast med fire veker. I tillegg er FO bekymra over unntaka som er inkludert i avtalen. Unntaka det opnast for betyr ein reell fare for å undergrave heile fedrekvoten. Regjeringa bør utforme desse unntaka i samarbeid med arbeidslivet sine organisasjonar, som alle held fedrekvoten som eit viktig likestillingstiltak. Stortingsmelding «Likestilling kommer ikke av seg selv» (Meld.St. 44, 2012-2013) og NOUane «struktur for likestilling»(2011:18) og «politikk for likestilling» (2012:15) gjev grundig dokumentasjon på at Noreg ikkje er i mål med likestillinga, og at det fortsatt er eit stort behov for sterke strukturar som legg føringar for likestilling mellom kjønna. FO stiller seg difor undrande til at Solberg-regjeringa har valt å trekkje stortingsmeldinga. Grunnen kan vere at regjeringa ynskjer å spare pengar på den obligatoriske pappapermen. Ved at færre fedre tek ut full permisjon og kvinner tener mindre enn menn, vil Staten spare mange millionar årleg.

FO er opptatt av kva den nye regjeringa vil gjere for å nedkjempe fattigdom. Den blå-blå regjeringa sitt første statsbudsjett byr ikkje på dramatiske endringar, men tendensen går klart i retning av auka skilnad på folk gjennom kutt overfor arbeidsledige, ein familiepolitikk som bremser likestillinga mellom menn og kvinner og største skattelette til dei som har mest.  FO utfordrar regjeringa til å ta i bruk virkemiddelet som særleg kan hjelpe utsette barnefamiliar; å sikre eit stønadsnivå som gir disse familiane ein økonomi på linje med satsane som er anbefalt av SIFO (Statens Institutt for forbruksforskning). Samtidig meiner FO at det mest utjamnande tiltaket vi har i Norge i dag, er fellesskulen. Opning for offentleg finansiering av fri skular drar i motsett retning av en utjamnande fattigdomspolitikk. Samt at svekking av den generelle omfordelingspolitikken vil bidra til å forsterke dei strukturelle forskjellane i samfunnet.

Innanfor barnevern- området er FO bekymra for opninga av omfattande privatisering, samtidig som det er varsla ytterlegare nedbygging av det statlege barnevernet. Det er viktig at den nye regjeringa tar seg tid til å lytte til fagmiljøa og talspersonar for barnevernsbarn før det vert gjort grep som kan få utilsikta verknadar. Den nye regjeringa peikar på korleis samhandlinga mellom ulike instansar innan barnevernet kan aukast og betrast. FO saknar derimot meir fokus på kapasitet og kompetanse. Dette er noko av de viktigaste virkemidla for å få til eit godt barnevern. Prinsipielt må det slåast fast at barn og unge har rett til hjelp dersom dei ikkje får den omsorg dei har behov for.

FO er fornøyd med at barnevernsbarna sin rett til skule blir tatt på alvor og at tilsynsordninga for fosterbarn styrkast ytterlegare. Den rød- grøne regjering sitt forslag til statsbudsjett hadde mange gode forslag på fleire områder som varetar eit heilskapleg barneperspektiv. Det er viktig at dette vidareføres av ny regjering. FO forventar at den blå-blå regjeringa vidarefører barnevern- løftet som dei rød-grøne har stått bak dei siste åra – og som heile Stortinget til nå har støtta.  

Den nye regjeringa ønskjer å foreta en full gjennomgang av NAV, med sikte på "å av-byråkratisere etaten for brukarane, for å hjelpe fleire frå trygd til arbeid". FO vil påpeike at NAV er blitt evaluert jamleg sidan NAV-reforma blei innført. Det er ikkje fleire evalueringar, men fem konkrete tiltak som nå trengs for å gjere NAV til en betre etat for både brukarane og tilsette: Sikre nok bemanning, riktig kompetanse, riktig organisering, stabilt og trygt leiarskap og god fysisk sikkerhet. Ei reell satsing på dei tilsette sin sikkerheit vil koste pengar og vi kan ikkje sjå at dette er synleggjort i budsjettet. Vidare må det gjerast ei avklaring av kva NAV skal ha ansvaret for og kva for oppgåver andre helse- og sosialtenester skal utføre. 

FO har lenge etterlyst tiltak som kan få reforma for menneske med utviklingshemming tilbake på sporet. Eit samla storting har stilt seg bak dette. FO forventar at den nye regjeringa aktivt iverksetter tiltak som kan styrke integrering, normalisering, sjølvråderett og betre levekår for menneske med utviklingshemming. Vi er difor fornøgd med at det vert bevilga 13 millionar i budsjettet til dette med fokus på kompetanseheving, fag og tenesteutvikling.

FO, som har medlemmer som arbeider innan rusomsorg, barnevern, psykisk helsevern, kriminalomsorga, i tenestene for menneske med utviklingshemming og i NAV, meiner marknadsøkonomiske prinsipp innan offentlege velferdstenester undergraver moglegheita for likeverdige tilbod.