I haust startar mange spente og forventningsfulle barn på skulen. Gode skuleopplevingar er med på å gje barn ein god barndom prega av både mestring, tryggleik og tillit. Dette forutsetter gode støttespillarar rundt læraren. Kva for parti vil satse på dette i kommune – og fylkestingsvalet?
Dessverre veit vi at nokre barn har det vanskeleg heime. Mange har psykiske vanskar eller lidingar, og nokre blir utsett for mobbing. For mange av desse barna kan skulen difor vere ein vanskeleg stad å vere. Dette har vi alle eit ansvar for å gjere noko med.
Alle barn i Norge går på skulen. Difor er skulen ein unik arena for å kunne identifisere barn som sliter og treng hjelp. Det forutsetter imidlertid at skulen har nok vaksne med riktig kompetanse, både til å identifisere og til å følgje opp barn og unge som sliter. I ein travel kvardag med mange elevar pr. lærar, og ulike komplekse utfordringar – mangler dessverre mange lærarar både kompetanse og tid til å håntere dette. 
Fellesorganisasjonen (FO) meiner difor at skule, i tillegg til lærarstaben, bør ha gode støttesystem som består av andre faggrupper enn lærarar. Desse kan aldri erstatte læraren, men kan vere eit viktig supplement som både bidrar til betre læring, meir fokus og kompetanse på arbeid med det psykososiale miljøet og i å førebyggje og håntere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Desse kan også bidra til å identifisere elevar med særskilde behov, hjelpe foreldrene i foreldrerollen og drive førebyggjande arbeid slik at nødvendige tiltak blir sett inn tidleg.
Barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar kan vere viktige bidragsytarar i eit slikt støttesystem. Desse yrkesgruppene bidrar gjennom sin unike kompetanse, til tverrfagleg innsats i å ivareta eleven sin fysiske og psykiske helse. Dette har Utdanningsforbundet og FO framholdt i brosjyra «tverrfagleg samarbeid i skulen». Der vises det, gjennom konkrete døme, kva ein miljøterapeut kan bidra med for elevane. Ikkje til erstatning for, men som tillegg til og som avlastning for, læraren.
Eit godt skulemiljø gjev gode resultat og faglege prestasjonar, førebyggjer fråfall og dropout-problematikk. Ein tverrfagleg skule som ved bruk av helse og – sosialfagleg kompetanse sikrer tidlegare innsats og betre oppfølging og kan bidra til at barn og unge som av ulike årsaker er særleg sårbare, får sikra sine rettigheitar etter opplæringslova.
I dag er dette dessverre ingen lovpålagt oppgåve. Det er difor opp til kvar skule og skuleeigar å avgjere om de vil tilsette andre yrkesgrupper enn lærarar i skulen. FO meiner at gjennom å gje barn de beste oppvekstvilkår, bidrar vi til ein god barndom som igjen gjer barn betre rusta til å gå inn i vaksenverden. I dette arbeidet spiller skulen ein avgjerande rolle, ei rolle FO meiner at samfunnet ikkje har råd til å la vere å satse på.
Du som kommunepolitikar kan bidra til å sikre barn ein betre skulekvardag ved å jobbe for ein betre og meir tverrfagleg skule. Gode lag rundt eleven bidrar til at skulen blir ein god stad å vere for alle barn. Her har miljøterapeuten sin naturlege rolle. Vil du, som stiller til kommunestyre og fylkesting satse på ein betre og meir tverrfagleg skule?

Ann-Kristin Nygård
Fylkesleiar
FO Sogn og Fjordane