Kommunane i Sogn og Fjordane må sørgje for at barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar sin kompetanse blir rekna som kjernekompetanse innanfor helse- og omsorgstenestene.

Sosialfagleg kompetanse er avgjerande for kvaliteten i helse- og omsorgstenestene. Regjeringa vil innføre kompetansekrav i helse- og omsorgstenestelova, og meiner rett kompetanse i kommunale helse- og omsorgstenester må gå fram direkte av lov. De foreslår at leger, sjukepleiarar, fysioterapeutar og psykologar skal inngå som kjernekompetanse, og at kommunane sjølv må vurdere kva slags personell som er nødvendig ut over dette for å gje eit forsvarleg helse og omsorgstilbod.
For å sikre at helse- og omsorgstenestane blir kvalitativt gode, krev FO Sogn og Fjordane at barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar skal inngå som del i kjernekompetansen. Dette er avgjerande for at kommunane skal nå stortingsmeldinga sitt mål om bredde i kompetanse hjå tilsette for å møte behova til de mange brukarane med fleire og samansette tenester.
Regjeringa seier sjølv at sosialfagleg kompetanse er viktig for å sikre tverrfagleg bredde, og for å bistå pasientar, brukarar og pårørande til å løyse sosiale problem knyta til blant anna rus, funksjonshemmingar og psykiske helse-utfordringar. Sosialfagleg kompetanse er også viktig for å koordinere kommunale og statlege tenester.
Vidare hevdar regjeringa at sosialfagleg kompetanse og vernepleiarar/spesialpedagogisk kompetanse vil vere avgjerande for at kommunane i tråd med kommunereforma skal få større ansvar og fleire oppgåver. Uavhengig av kva primærhelsemeldinga fører til; sosialfagleg kompetanse må inngå i eit fleirfagleg arbeid til det beste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Førde, 2.november 2015
Representantskapet i
FO Sogn og Fjordane