På måndag er det lokalval kor nye folkevalte skal veljast inn i landet sine kommunestyre. Valet er viktig for alle lokalsamfunn, men også for tilsette og brukarar av NAV sine tenester. Fellesorganisasjonen (FO) vil minne om at det er de lokale politikarane som har ansvaret for det kommunale NAV.
Svært mange menneske er avhengig av NAV sine tenester for å få kvardagen sin til å gå rundt, eller for at målet om å få ein jobb skal bli røyndom. Men NAV er ikkje berre ein arbeidsformidlar eller ein trygdekasse. NAV er ein viktig lokal samfunnsaktør i kommunen. NAV og alle som arbeider der er nær menneskene og samfunnet rundt seg. For å få til god kontakt mellom NAV og lokalt arbeidsmarknad, må tilsette i NAV og kontaktpersonane i kommunen og bedriftane kjenne kvarandre godt og vite kva som kan tilbys av arbeidsplassar og arbeidskraft. 
Denne nærleiken er det viktig å ta vare på. Dersom avstanden mellom menneskene og staden kor ein skal henvende seg til er for lang, vil det vere vanskeleg å få nødvendig hjelp til rett tid. De tilsette i NAVhar ein tøff jobb når det gjeld å balansere brukarane sitt behov opp mot lover og forskrifter. Tilsette i NAVfortener både honnør og respekt for arbeidet de gjer. NAV-tilsette rettleiar og støtter brukarar med alt frå bustad, gjeldsrådgjeving, stønadar, vegen til arbeid og kontakt med helsetenesten. Ofte bidrar de til løysingar for folk med store og små behov, og som ofte er i ein vanskeleg livssituasjon.
Ein kommune skal vere stolt av sitt NAV og alle som jobbar der. NAV er ein viktig del av kommunen. EitNAV som fungerar godt kan bidra til å hindre fråfall i vidaregåande skule, bidra til at menneske som lever i fattigdom får eit meir verdig liv, og bidra til at menneske kjem i utdanning eller arbeid. Ikkje minst kan NAVbidra til å vere eit viktig bindeledd til andre deler av lokalsamfunnet som skule, helsetenester og barnevern.
Vi veit at fleire meiner at NAV kan bli betre på mykje. Men, NAV blir ikkje betre av seg sjølv. NAV og NAVsine tenester blir betre på grunn av dyktige fagfolk, og nok ressursar til å drive godt og tett oppfølgingsarbeid av de som treng det mest.
FO veit at det er tre ting som er viktig for eit godt NAV og som lokale politikarar bør vere bevist:
• Gje de tilsette på NAV-kontora handlingsrom til å drive kreativt, sosialfagleg oppfølgingsarbeid
• Styrk det lokale partnerskapet – NAV er ein viktig del av lokalsamfunnet
• Sats på tett oppfølging av unge som fell utanfor og styrk ungdoms – og barneperspektivet i NAV
Fellesorganisasjonen (FO) organiserar mange av dem som jobbar ved NAV-kontora. Vi veit at det største problemet i dag ikkje er at folk ikkje vil i aktivitet eller arbeid, men at de ikkje får mulegheit til å delta.
NAV treng støttespillarar og ein heiagjeng i kommunen. Sørg for at di stemme går til politikarar som vil utvikle og satse på NAV, satse på nærleik mellom tilsette og brukarar og bidra til eit NAV som fungerer godt – til beste for kommunen sine innbyggjarar.
FO ynskjer til lykke med valet!

Ann-Kristin Nygård
Fylkesleiar
FO Sogn og Fjordane