BUP tilbyr poliklinisk behandling inkludert ambulant og oppsøkande verksemd. Ved Førde BUP tek dei og imot familiar til innlegging eller poliklinisk behandling på Familiehuset. Dei tilsette ved BUP er samarbeidpartnarar til skular, barnehagar, helsestasjonar, barnevern og andre i kommunane som har eit ansvar for tenestetilbodet til barn og unge.

FO Sogn og Fjordane er uroa over kuttforslaga frå Helse Førde. Dette vil medføre ein reduksjon i tilbodet til barn og unge med psykiske problem, det vil og medføre ei svekking i oppføljing av samarbeidspartane. Med allereie lang ventetid for utgreiing og behandling, opptil 30 veker for nokre diagnosar ( Helse Førde sine tal) vil ein ikkje kunne forvente at ventetida skal reduserast. Som det forbundet som organiserar flest med sosialfagleg grunnutdanning har vi kunnskap om konsekvensane av reduksjonar innan psykiatritilbodet til barn og unge. Vi veit at dersom ein kan gje ei god og forsvarleg behandling tidligast mogeleg vil ein redusere risiko for alvorlege psykiske problem i voksen alder.

FO Sogn og Fjordane mistenker at reduksjonen i BUP tenestane kan sjåast i samanheng med Samhandlingsreforma. Helse Foretaka vil ikkje kunne kreve refundert liggedøgnkostnadar frå kommunane utover utskrivingsdag. Vi mistenker nedlegging av tilbodet ved Familiehuset satt i samenheng med dette.

Gjennom ei stikkprøve frå nokre av kommunane i Sogn og Fjordane fann FO Sogn og Fjordane ingen auke i psykiatrisatsinga i kommunane i Planarbeidet for 2012. Derimot fann vi ei heil rekke andre planar i samsvar med Samhandlingsreforma og inngåing av samarbeidsavtale mellom HFHF og KS. FO Sogn og Fjordane kan ikkje sjå at kommunane er istand til å ta ein større del av behandlingsansvaret for psykisk helse for barn og unge enn det dei har idag, før det skjer ei oppbygging av tenestetilbodet til denne gruppa i kommunane.

I brev (datert 30.august 2011) til Anne- Grethe Strøm- Erichsen ber Dagfinn Høybråten om svar på følgande spørsmål: "Helseforetakene er i full gang med å bygge ned tilbud bl.a. innenfor psykiatri og rehabilitering som kommunene naturlig bør ta et ansvar for etter gjennomføring av samhandlingsreformen. Dette skjer før kommunene har rukket å bygge opp et nytt tilbud til brukerne. Vil statsråden stoppe denne statlige nedbyggingen inntil brukerne er sikret et alternativt kommunalt ti1bud? ". Statsråden svarer (siste setning): "Jeg har allerede tidlig i 2011 understreket overfor de regionale helseforetakene at omstilling i tjenestetilbudet som berører kommunene ikke skal gjennomføres før kommunene er i stand til å håndtere de nye oppgavene. Videre har jeg vektlagt at lokalt utviklings- og omstillingsarbeid må ivareta kravet om gode og bredt involverende prosesser."

FO Sogn og Fjordane ber om at tilbod innan psykisk helsevern for barn og unge vert oppretthalde på dagens nivå. Vi kan ikkje sjå anna enn at ei nedbemanning av BUP og nedlegging av Familiehuset er noko anna enn ein reduksjon i tenestetilbodet. Ei oppretthalding av BUP som eit lågterskeltilbod er eit av dei beste førebyggande tiltak mot for tidlig uføre, somatisk sjukdom, og psykisk sjukdom i vaksen alder. Ei oppretthalding av BUP er samfunnsøkonomisk sparande på sikt.

FO Sogn og Fjordane

Sølvi Solvang

Fylkessekretær