Den naturlege utviklinga i relasjonen mellom barn og foreldre er ei lauvsriving ved at barnet flyttar frå barndomsheimen og ikkje lenger treng foreldra i den grad som tidligare. Utviklingshemma har og rett på den samme utviklinga og overgangen til eit sjølvstendig vaksenliv.

For mange er denne overgangsfasen ei vanskeleg tid, ikkje berre for utviklingshemma men mange andre slit også med denne overgangsfasen. For mange utviklingshemma er det i tillegg andre faktorar som spelar inn som gjer lausriving enda vanskeligare. Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap.1 §1-1.3, Lovas formål, gjev dei ein rett til å få den hjelp som "sikrar at det er mogeleg for den einskilde å leve og bu sjølvstendig og til å ha ein aktiv og meiningfull tilvære i felleskap med andre".

Flora Kommune viser liten respekt for mennesket når dei avviser foreldres trygling om nattevakt for sitt barn. Foreldre som i alle år har hatt omsorg for barnet og er kjent med barnets behov for hjelp og tilsyn for å kunne føle seg trygg. Dette er ikkje å overholde lovas formåls paragraf.

Flora Kommune skal gje eit forsvarleg tilbod utifrå brukarens behov ikkje utifrå kommunens økonomi.

Tilbodet er etter FO Sogn og Fjordane si meining ikkje forsvarleg dersom bruker føler seg utrygg om natta og ikkje får sove. Kommunen har plikt til å sikre at tilbodet vert tilrettelagt med respekt for den enkelte integritet og verdighet, (§1.1-6).

Mange utviklinghemma kan komme til å endre atferdsmønster i slike situasjonar, i verste tilfeller kan det føre til ei atferdsendring som får større økonomiske konsekvensar enn ei sovande nattevakt. Flora Kommune sitt tenestetilbod med berre tilsyn på natt samsvarar ikkje med lovas formål, denne gangen §1.1-2 "fremme sosial tryggleik, betre levekåra for vanskeligstilte, bidra til likeverd og likestilling og forebygge sosiale problem."

Lovas §1-1.5 fastslår at kommunen skal "sikre at tilbodet er tilpassa den enkelte bruker." Eit tilpassa tilbod vil kun kunne bli gjeve om ein har eit godt samarbeid med bruker eller den i bruker stad. Det er som regel den næraste familie som kjenner bruker best.

FO Sogn og Fjordane ber Flora Kommune snu i saka og gje Stine Beate eit trygt og forsvarleg tilbod i sin eigen heim også på nattetid. Med trygt og forsvarleg tilbod i eigen heim meiner vi sjølvsagt eit tilbod bygd på Stine Beate sine behov.

FO Sogn og Fjordane

Sølvi Solvang

Fylkessekretær