Rusomsorga MÅ prioriterast no!

Av Ann-Kristin Nygård, leiar FO Sogn og Fjordane

Hausten 2012 kom Stortingsmelding 30 (2011-2012), Se meg! Fellesorganisasjonen (FO) var glad for at meldinga la vekt på ein heilskapleg rusmiddelpolitikk med fokus på verksam førebygging, tidlig innsats og hjelp til dei som har omfattande rusmiddelproblematikk, samt dei som vert røyrt av desse problema. Meldinga krev bredde i tiltak. Korleis vil fylket sine stortingskandidatar jobbe med ruspolitikken?

Kort tid etter at stortingsmeldinga ble lagt fram, kom statsbudsjettet for 2013. Her fjerna regjeringa dei øyremerka tilskotta til tiltak innafor rusmiddelomsorga og la dei inn i kommunane sine frie midlar. Det blei t.d. i 2012 bevilga 434 millionar frå staten til ulike tiltak i kommunane. For 2013 er 333 millionar kroner av desse pengane overført inn i kommunens rammetilskott. For FO sine medlemmar som jobbar innan rusomsorg og psykiatri ser det ut som om den eine handa i regjeringa ikkje veit kva den andre gjer? Kan det stemme?

 

Mange av FO sine tillitsvalte varslar om innsparingar som medfører at gode og verksame tiltak må leggast ned. Det dreier seg om kutt i førebyggande tiltak som oppsøkande teneste, fjerning av stillingar for ruskonsulentar i kommunane, nedlegging av lågterskeltilbod i kommunane og behandlingsplasser i spesialisthelsetenesta. Ettervernstilbod er ein stor mangelvare i Helse-Norge. Fleire kommunar varslar om kutt i rusmiddeltiltak. Eg refererar til NRK Sogn og Fjordane sitt oppslag 30.august 2013 om at 16 kommunar i fylket droppar ruskonsulentstillingar etter at dei statlege prosjektmidlane tok slutt i 2012. Fylkesmannen ved Rita Hagen Molvær meiner at dette vil få store konsekvensar for rusomsorga i fylket.  FO meiner at det verste er at det vert gjort kutt i tiltak som regjeringa gjennom stortingsmeldinga, seier dei vil satse på.

 

FO er alvorlig bekymra for den dramatiske nedbygginga av tilbod både innan førebyggande rusmiddelarbeid og i rusmiddelbehandling. Innsparingane svekker kvaliteten på tilboda og gjer det vanskelegare å halde på og utvikle opparbeida god, helse– og sosialfagleg kompetanse innanfor desse tenestene. Den nedbygginga vi nå ser strider klart mot den politiske satsinga på ein heilskapleg rusmiddelpolitikk.

 

FO meiner at marginaliseringsprosessar og samfunnsmessige forhold som fattigdom, levekårs problem og ekskluderingsmekanismar henger saman med rusmiddel-relaterte problemmar. Viktigheten av gode oppvekstvilkår, barnehage og skule, bustad og arbeid er derfor viktig både for god helse og deltaking. For å førebygge utvikling av rusmiddelproblemmar er det derfor viktig å ha sterkt fokus på desse områda. Derfor blir det vesentlig å få vite kva for mål fylket sine stortingskandidatar har for rusmiddelpolitikken?