Fellesorganisasjonen (FO) Sogn og Fjordane er uroa for tilbodet til dei yngste og mest sårbare barna  når Bufetat region vest vil leggje ned Sogn og Fjordane barn og foreldresenter.

Bufetat region vest skal nok ein gong kutte i tenestetilbodet. Dei tre barne og foreldresentra i regionen vert råka. Dette er høgt spesialiserte tenester for spe og småbarn og familiane deira. Senteret i Sogn og Fjordane har tre plassar, og tilbodet er mykje brukt av dei 26 kommunane i fylket. Tilbodet er eit førebyggjande barnevernstiltak kor familiane kan bu i 4 – 8 veker. Senteret har fagfolk med høg kompetanse innan observasjon, samspel og kommunikasjon.

Heilt i tråd med alle politiske og faglege føringar har Bufetat dei siste 10 åra bygd opp og drifta Sogn og Fjordane barn- og foreldresenter. Som lyn frå klår himmel fremma den same  etaten den 12. mars forslag om å leggje det ned, og saka skal opp til endeleg avgjersle den 19.mars. Ein konsekvens av nedlegging av senteret er at barn og familiar må reise ut av fylket for å få den hjelpa dei treng. Når eit så godt barnevernstiltak vert lagt ned, får mange familiar eit dårlegare tilbod. Forsking viser at tidleg innsats overfor risikoutsette barn og unge og deira familiar er nødvendig for sikre at barna får ei god utvikling og gode oppvekstmoglegheiter.

Staten, gjennom Bufetat, har ansvar for drift av sentra for barn og foreldre. Dagens regjering og Storting har eit uttrykt ynskje om å styrke det førebyggjande familiearbeidet. Det er vidare eit politisk mål i Norge å sikre barn eit likeverdig tilbod uavhengig av kvar dei bur i landet. FO Sogn og Fjordane  ser med stor uro på at staten sviktar dei mest utsetta barna og barnefamiliane i vårt fylke dersom tilbodet vert lagt ned!

 

Ann-Kristin Nygård

Avdelingsleiar

FO Sogn og Fjordane