Stortingsvalet 2013 – Det store vegvalet!

Fellesorganisajonen (FO) organiserar over 26 000 barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar, og er viktige bidragsytarar i velferdsstaten si oppgåveløysing. Dei fleste av våre medlemmar jobbar innan helse, omsorg, sosial og oppvekstsektoren. Vi meiner at velferdstenestane skal fullt og heilt finansierast av det offentlege og at tenestane skal eigast og drivast av det offentlege, private ideelle tilbod kan vere eit supplement til det offentlege tilbodet.

Haustens val blir difor eit vegval. Vi har eit raudgrønt alternativ på den eine sida og ulike konstellasjonar på borgarleg side. Kven som vinner, avgjer retninga.

Dette valet vil bestemme utviklinga innanfor ei rekke tenesteområder der FO sine medlemmar arbeider. Skal vi fortsatt ha ein sterk offentleg sektor eller skal enda fleire velferdstenester ut på anbod? Skal vi fortsatt ha ein god arbeidsmiljølov som vernar om arbeidstakarnes rettigheiter, eller skal arbeidstidsordningane endrast?  Kan vi få fleirtall for kompetansenormer i barnevernet? Er det mogleg å få fleirtall for omsetningsregulering av bustadar som sikrar alle eit godt sted å bo?

 For FO er det eit viktig spørsmål kven som skal utføre tenestene. Alternativet til ei raudgrøn regjering er blåblått. Dette vil bety ein storstilt privatisering av helse-, omsorg og sosialtenestene. Alle parti har vore med på konkurranseutsetjing av velferdstenesta, men den blåblåe sida har dette som eit storstilt satsingsområde. Denne anbodsiveren i offentleg forvaltning gir grunn til bekymring. Konkurranseutsetting og innteningskrav er ikkje foreinleg med formålet for offentleg forvaltning. Dette er vegvalet! FO kjemper for å ta helse- og sosiale tenester tilbake, bort frå anbod! Offentleg drift er i seg sjølv ikkje ein garanti for gode tenester, men det er ein forutsetning for innsyn og kontroll både med verksemda og bruken av fellesskapets pengar.

Gjennom år med finanskriser og sosial uro i ein rekkje europeiske land har den norske modellen stått sterkt, skal vi rive ned noko som har vist seg å fungere, kva er i så fall alternativet?

Ser vi over til Storbritannia så er meir en 2/3 av alle barneheimar drevet av det private og fleirtalet av desse er investeringsselskap. Private selskap er store innan pleie og omsorg, innanfor kryssingspunktet velferd/arbeidsformidling, asyldrift, barnevern også vidare. Marknadsstyring og forretningsprinsipp som styrande for velferdstenestane svekker og fragmenterer offentleg sektor. Dette vil ramme kvalitet og tilsette sine lønns- og arbeidsforhold – dette er fagleg og sosial dumping.

Vi skal ikkje lenger enn rett over landegrensen for å finne eksemplar på at privatisering aukar overskott for eigarar, framfor å gi meir pengar og auka satsing på velferdstenester. Etter fem år med Reinfeldt meldte Svenska Dagbladet Næringsliv at det gjekk 30 milliardar offentlege kroner til 16 risikokapitalkonsern. Desse konserna meldte inn overskott på nærmare 2,9 milliardar kroner. FO vil ikkje ha overskott på velferdstenester, vi vil ha auka bemanning, auka kompetanse og auka brukarmedverknad. FO vil ha en velferdsteneste som fullt og heilt er eit offentleg ansvar finansiert bl.a. gjennom skattesystemet og basert på universelle ordningar.

 Vegvalet er klart, kva for veg vel du, bruk stemmeretten DIN!

 

FO Sogn og Fjordane

Ann-Kristin Nygård

Avdelingsleiar