Senterpartiet vil ikkje støtte rusreformutvalget og regjeringa sitt forslag til rusreform. Senterpartiet vil ha ein differensiert modell, der rusavhengige skal møtast med hjelp, ikkje straff, men der ein ikkje går inn for ei generell avkriminalisering av narkotika. Vi meiner at regjeringa sitt framlegg til rusreform går på bekostning av det førebyggjande arbeidet blant born og unge, noko vi ikkje kan akseptere. Vi trur ikkje at eit møte hos ein rådgjevande eining på kommunen sitt rådhus, er nok til å få unge vekk frå ein uheldig praksis der ein har starta å eksperimentere med narkotika. I dag kan til dømes unge inngå i konfliktrådet sitt ruskontraktsprosjekt som gjev langt betre og meir omfattande oppfølging hos hjelpeapparatet enn regjeringa sitt forslag om ei samtale hos kommunen.  

Det er eit mål for Senterpartiet at narkotikabruken i Norge skal reduserast, ikkje auke. Regjeringa føreset at avkriminalisering ikkje skal auke narkotikabruken, men dette er svak vitskapleg dokumentasjon for. Folkehelseinstituttet er mellom høyringsinstansane som seier at ein ikkje kan utelukke ei auke i narkotikabruken med regjeringa sitt forslag. Rusreforma inneheld ingen forslag til auka helsehjelp for rusavhengige verken i kommunar eller i helseføretak. Det er eit stort paradoks at ei rusreform som har overskrifta frå straff til hjelp, ikkje handlar om auka hjelp og behandling.   

Senterpartiet har alternative framlegg til regjeringa si rusreform: Dok. 8: 111S (2020-2021) om at rusavhengige ikkje skal straffeforfølgjast, samt Dok. 8: 119S (2020-2021) om ei førebyggings- og behandlingsreform innan rusfeltet.