I dag tar vi det nesten for gitt at ingen skal jobbe under farlege forhold eller risikere livet. Men trygge arbeidsplassar kjem ikkje av seg sjølv. Arbeidstilsynet ble oppretta i 1893 for å passe på at alle var trygge på jobb. Derfor fekk vi i 2017 ein eigen forskrift for oppfølging av vold og truslar. I 2021 stansa regjeringa det førebyggande arbeidet mot vold og truslar for å frigjere ressursar til koronarelatert innsats bl.a. i fiskerinæringa.

FAFO-rapporten « Vold, trusler og trakassering i helse- og sosialsektoren» viser at 45 prosent av FO sine medlemmer opplever vold eller truslar om vold årleg. Arbeidstilsynet har i fleire år jobba systematisk for å forebygge vold og truslar, men regjeringen har bedt dem prioritere lofotfiske under koronapandemien.

FO Vestland er fag- og profesjonsforbundet for ca. 4 000 helse – og sosialarbeidarar. Det siste året har medlemmene våre jobba lengre dagar, tatt på seg meir ansvar og stått opp for tryggleiken til dei som treng det mest. Vi har stått i direkte kontakt med dem som har hatt det tyngst.

Det er ein trussel mot velferdsstaten at dei som skal trygge andre, ikkje er trygge på jobb. Korleis skal vi sikre denne kompetansen i Vestland i framtiden, om vi ikkje eingang kan sikre tryggleiken til dei som bærer velferdsstaten?

Norge og dei nordiske landa skårar svært høgt når det gjeld tal arbeidstakarar som er utsett for vold, truslar og trakassering i jobbsamanheng. På mange måtar er dette overraskande. Vi har ei omfattande arbeidsmiljølovgivning og strenge krav til internkontroll og risikovurdering. Om lag 50 % av dei tilsette er organisert og vi har eit nettverk av tillitsvalte ute på arbeidsplassane.

Men samtidig har vi ein omfangsrik velferdsstat og eit omfattande tenestetilbod til grupper som treng hjelp. Tilsette innan helse- og sosialtenestene – samt militære, politi og vektarar  - blir mest utsett for vold, truslar og trakassering i arbeidslivet. Fatale arbeidsulykker blant menn skjer primært i bygg og anlegg, medan fatale ulykker blant kvinner skjer hjå velferdsstaten sine arbeidstakarar.

Vold, truslar og trakassering er eit alvorleg arbeidsmiljøproblem. Temaet skal inngå i internkontrollen, vere ein del av risikovurderinga på arbeidsplassen, og arbeidsgjevar skal kartlegge og iverksette tiltak. Dei tilsette skal få nødvendig opplæring. Hendingar skal meldast og evaluerast, og den utsette arbeidstakaren skal få tilbod om oppfølging. Målet er at det ikkje skal skje igjen! Statistikken er urovekkande stabil; vold og truslar i norsk arbeidsliv viser ikkje teikn til å minke.

FAFO-undersøkinga frå 2019 bekreftar at vold og truslar fører til sjukefråvær, og at tilsette sluttar i jobben. Dette er dårleg samfunnsøkonomi, og svekker rekrutteringa i yrker der det allereie er manko på personar med riktig kompetanse.

Over tre av fire tilsette i barnevernet melder om at de er utsett for vold og truslar det siste året. Tilsette i t.d. NAV, i skulen, samt i tenester for utviklingshemma er også svært utsett. Er ikkje deira kompetanse viktig? Har ikkje det siste året vist oss kor avhengig vi er av tilsette på desse samfunnskritiske arbeidsplassane?

Det har lenge vore kjent at tilsette innan velferdsyrkene er spesielt utsett, men vi kan ikkje fortsette å seie at vold og truslar er noko dei tilsette må forvente. FO krev ein nullvisjon.

Vi ser også at truslar og trakassering på sosiale media har auka betrakteleg dei siste åra. I 2016 gjennomførte FO ein medlemsundersøking som viste at 8 % av våre medlemmer ble utsett for netthets i løpet av året. 4 % uttalte at dei hadde vurdert å slutte i jobben sin på grunn av dette, men innan kommunalt barnevern var talet heile 17 %.

Våre tillitsvalte og FO som fagforeining jobbar med å avdekke, følgje opp og førebygge uønska hendingar. Vi trenger arbeidsgjevarar som tar meir ansvar, og sikrar gode og trygge arbeidsplassar. Vi trenger også at myndigheiter og Arbeidstilsynet prioriterer dette.

I staden for å stanse det førebyggande arbeidet, må Arbeidstilsynet få sterkare sanksjonsmoglegheiter. FO vil gi Arbeidstilsynet mandat til å ilegga dagbøter om ikkje arbeidsgjevar følgjer opp. Dei må også få fleire ressursar til å handtera sine nye oppgåvene.

Vi kan ikkje lenger akseptere at helse- og sosialarbeidarar utsettast for vold og truslar på jobb. Vi vet at medlemmene våre er stolte over jobbane sine. Dei har eit brennande engasjement for dem dei hjelper, og står opp kvar dag for å gi tryggleik til andre. Då må vi stå opp for dem.

Velferdsstatens styrke er dedikerte tilsette med rett kompetanse på rett plass. Skal vi sikre dette i framtida må vi ha arbeidsvilkår som sikrar rekruttering.

Vi står opp for tryggleik. Trygge arbeidsplassar kjem ikkje av seg sjølv.

 

Ann-Kristin Nygård

Nestleiar

FO Vestland