Ny særavtale i Bufetat i samband med koronakrisa.


Avtalen inneber at tilsette på institusjonane på frivillig basis kan gå inn i ein 7-døgns turnus for å ta hand om ungdom på barnevernsinstitusjon som er smitta med koronavirus, eller er sjuke med mistanke om koronavirus. Målet med avtalen er å sikre forsvarleg drift og at færrast mogleg skal utsetje seg for smitterisiko. Det er også nedfelt i avtalen at krava til kviletid skal overhaldast, og at bemanninga skal tilpassast dette.

Avtalen gjeld fram til 31. august 2020.  

– Dette er eit eksempel på at dei tilsette sine organisasjonar er klare for å inngå nye avtalar når behovet oppstår, seier nestleiar i FO Marianne Solberg.

Det viktige er at ungdommane på institusjon får god omsorg, samstundes som ein tek hand om smitterisikoen og dei tilsette sin arbeidssituasjon. Den nye avtalen sørgjer for dette, og i tillegg har den eksisterande avtalen om langturnusar i Bufetat blitt utvida, slik at dei har fleire verkemiddel dei kan bruke for å møte koronasituasjonen.

Desse avtalane har solid forankring hos fagforeiningane i Bufetat, og viser at dei tilsette er villige til å gjere ein ekstra innsats. FO sine medlemmer har mange samfunnskritiske oppgåver, og nokre av dei utset seg sjølv for smitterisiko for å kunne gje nødvendig omsorg.

– Eg vil rose innsatsen dei gjer ute i verksemdene, blant anna med å gje nødvendig omsorg, seier  Solberg.