Ei av samfunnets viktigaste oppgåver, og sikraste investering, er at barn og unge får ein god oppvekst. Ein god barndom blir med deg heile livet!

Barnefattigdommen i Norge har vore aukande sidan byrjinga av 2000-tallet. Frå 2013 auka talet frå 84 000 til 115 000 i 2019. Fattigdommen blant barn er no høgare og veks raskare enn fattigdom blant vaksne.

I eit land som Norge, der den generelle levestandarden er høg, er det vanleg å bruke definisjonar av fattigdom som handlar om meir enn fysisk overleving. Det betyr at fattigdom ikkje berre handlar om mangel på mat, kler og tak over hovudet.

Fattigdom betyr også det å mangle moglegheiter for å delta sosialt, på lik linje med resten av samfunnet. Barn trenger relasjonar med jamaldrande for å ha eit godt liv. Ungdommen sjølv seier at det verste med å vere fattig er at du ikkje kan delta på det andre kan.

Det er kommunane sitt ansvar å sørgje for gode oppvekstvilkår og eit kommunalt handlingsrom som sørgjer for å inkludera og gje eit tilbod til alle barn. Førebygging handlar vel så mykje om å sikre barn og unge gode oppvekst- moglegheiter, og reduserer risiko for at barn og unge faller utanfor storsamfunnet. Det å stå utanfor kan få store konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet.

Barn som lever i fattigdom, møter større utfordringar enn andre på vegen mot vaksenlivet.  Fattigdom handlar om manglande moglegheiter for å leve eit liv i verdigheit, sjølvrespekt og likeverd med andre. Å leve i fattigdom i eit land kor dei aller fleste har mykje og meir enn dei treng, gjer fattigdom meir synleg og skambelagt.

Barnefattigdom i Norge handlar i stor grad om at barn opplever å vere ekskludert og føle seg utanfor. Barn som veks opp i familiar med låg sosioøkonomisk status har dårlegare livssjansar på nesten alle livsområda.

Forsking viser:

  • At desse barna har større risiko enn andre barn for sjølv å bli fattige som voksen
  • At dei i mindre grad enn andre barn deltar i sosiale aktivitetar
  • Og at det er ein samanheng mellom familiens inntektssituasjon og barnas psykososiale helse

Ulikskapen har auka dei siste åra. Talet barn som veks opp i låginntektsfamiliar er meir enn fordobla i løpet av 15 år.

Nye tall viser at 115 000 barn under 18 år lever i familiar med vedvarande låg inntekt (SSB) Dette er meir enn éin av ti barn.

Barnefattigdom ramma spesielt barn av foreldre med låg utdanning, foreldre utan fast arbeid og foreldre med innvandrarbakgrunn. Barn i store husstandar, med einslege forsørgjar, i husstandar som mottar sosialhjelp eller er velferdsstatsavhengige er også utsett. Vi ser også at rundt 6 av 10 barn i låginntektsfamiliar bor i små, leide bustadar.

Fattigdom er eit strukturelt problem som ikkje kan avskaffast ved einsidig å sette inn tiltak på individnivå. Å nedkjempe fattigdom forutsette ein aktiv omfordelingspolitikk beståande av tiltak som er universelle og som dekker eit bredt spekter av befolkninga.

Å auke barnetrygda er eit av dei mest treffsikre sosialpolitiske tiltaka. Dagens praksis som forutsette at kommunane sjølv kan bestemme om barnetrygda skal reknast med i inntekta ved utrekning av økonomisk sosialhjelp, er urettferdig. Dei gir med den eine handa, og tar med den andre.

Vi meiner at her må vi endre lovverket, slik at barnetrygda blir heldt utafor utrekninga av sosialhjelp. Vi kan og auke barnetrygda, slik at alle barnefamiliar får litt meir pengar på konto kvar månad. Midlane som blir brukt til kontantstøtte anbefaler vi heller å bruke til å auka barnetrygda.

Mange mottar sosialhjelp over lang tid, enten kontinuerleg eller i periodar. Å leve over tid på ei uforutsigbar inntekt, opplevast som svært vanskeleg.  Dei kommunale sosialhjelpssatsane ligg oftast under SIFO-satsane (alminnelege forbruksutgifter for husstandar). Vi trur at om sosialhjelpssatsane hadde blitt oppjustert til SIFO-nivå, ville fleire blitt sjølvhjelpne raskare.

Det er ingen naturlov som seier at nokre barn må vokse opp i fattigdom. Det handlar om politikk. Det handlar om prioriteringar. Det handlar om val.

Til hausten er det Stortingsval og då kan vi stemme for å gi barn ein betre oppvekst. Vi kan endre lovverket, slik at barnetrygda blir heldt utafor berekning av sosialhjelp. Vi kan auke barnetrygda, slik at alle barnefamiliar får litt meir pengar på konto kvar månad. Vi kan gi alle barn betre moglegheiter til å lykkast i vaksenlivet, men berre om vi tar eit val.

Det er store skilnader mellom omfanget av barnefattigdom i kommunar og mellom fylke. På www.barnefattigdom.no får du meir informasjon om barnefattigdom i din kommune.

Det gode samfunnet kjem ikkje av seg sjølv. Det krev at vi engasjerer oss og stemmer på  dei som prioriterer ein heilskapleg sosialpolitikk for barn og unge. No står sommaren for tur! Mange har under koronapandemien måte nøye seg med norgesferie, medan andre har ikkje opplevd noko anna!

Ann-Kristin Nygård – nestleiar FO Vestland

Ann Grete Aasheim – leiar profesjonsfagleg utval for barnevernspedagogar, FO Vestland