Barn som veks opp i familiar med lav sosioøkonomisk status har dårlegare livssjansar på nesten alle livsområda. Ulikskapen har auka dei siste åra. Tal barn som veks opp i familiar med låg inntekt er meir enn fordobla i løpet av 15 år. I Norge handlar dette om at barn opplever å vera ekskludert og kjenner seg utanfor. 

Fattigdom råka 
•    spesielt barn av foreldre med lav utdanning, foreldre utan fast arbeid og foreldre med innvandrarbakgrunn. 
•    Barn i store hushald, 
•    Barn med einslege forsørgjarar, 
•    Barn i hushold som mottek sosialhjelp. 

Forsking syner at barn som lever i fattigdom i mindre grad enn andre barn deltek i sosiale aktivitetar. Aktivitetstilbod til born og unge skal vera tilgjengeleg for alle uavhengig av inntekta til føresette. Ved å få delta førebyggjar ein utanforskap.
Det er ikkje ein type tiltak eller verkemidlar som kan løyse problema med fattigdom åleine. Fattigdom og levekårsutfordringar er komplekse og samansette problem, som ofte handlar om meir enn inntektssituasjonen til familien. Det er difor nødvendig med en heilskapleg tilnærming for å nedkjempe fattigdom.
Nokre mindre grep kan og vera gode verkemiddel;
Alle kommunar skal ha et kulturskuletilbod til barn og unge, og kommunen både eig og driv kulturskulen. Kostnadane ved å delta i kulturskulen er såpass høge at mange ikkje har økonomi til å la barna delta. 
Dette synes FO Vestland er uhøyrt. FO Vestland ynskjer:

•    Auka rammetilskot til kommunane slik at det kommunale kulturtilbodet  kan ha eit betalingssystem som fører til at alle har moglegheit til å delta.
•    Barnetrygda må aukast
•    Det må leggast til rette for auka deltaking og betre levekår ved tilskot til utsette barn og ungdom. 


Årsmøte, 2022
FO Vestland