I Norge veit vi at helsepersonell og sosialarbeidarar har den kompetansen dei treng for å yte støtte til dei som treng det. Vi såg likevel at det under koronapandemien blei eit akutt behov for fleire helse- og sosialarbeidarar.

Vernepleiarutdanninga som blei oppretta i 1961 spesielt for å gje bistand til personar med utviklingshemming, er ei ettertrakta yrkesgruppe som kan jobbe med ulike velferdstenester til personar med ulike bistandsbehov. Ein vernepleiar er både sosialarbeidar og autorisert helsepersonell. Denne unike kombinasjonen gjer vernepleiarkompetanse til ein viktig ressurs for velferdsstaten. Dessverre har vi for få av dem.

Lossiusutvalet skrev i 1973 at «knapt noe annet arbeidsfelt i Norge er så avhengig av ufaglært arbeidskraft» som tenestene til utviklingshemma. Ti år seinare, i 1983, var vernepleiarandelen magre 8,7 prosent. Utviklinga har gått svært langsamt dei siste femti åra.

I 2020 publiserte FO rapporten «Ingen tid å miste» som gir oss viktig kunnskap om kompetansesituasjonen i tenestene til personar med utviklingshemming. Rapporten  avdekker at vernepleierandelen ligger på berre 10,7 prosent. FO og fleire brukarorganisasjonar anbefaler at 70 prosent av dei tilsette har relevant høgare utdanning, kor hovudvekta er vernepleiarar.

For å nå dette manglar Norge over 20 000 vernepleiarar. I rapporten «Ingen tid å miste» konkluderer FO og NAKU med at tenestene ikkje er fagleg forsvarlege, slik dei er i dag. Nesten 30 år etter ansvarsreforma for utviklingshemma med mål om normalisering og gode levekår er dette nedslåande. Det vi manglar er politisk vilje og handling.

Kommunane som signalisera at det er vanskeleg å rekruttere vernepleiarkompetanse, må gjennomføre nødvendige tiltak som kjem fram i rapporten (2021) « Det som skal til» som FO nyleg har publisert. Her ser vi at vernepleiarane bl.a. er opptatt av fleire vernepleiarkollegaer, tid og rom for fag- og karriereutvikling, samt lønn. Dette er tiltak som kommunane kan prioritere for å sikre kvalitativt gode tenester til personar med utviklingshemming. Dessutan har kommunane plikt til å sikre fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester gjennom lovkrav. FO meiner det ansvaret ikkje kan løysast utan krav til tilsette med høgskuleutdanning.

Personar med utviklingshemming har gjennom tiår etter tiår opplevd daglege brot på menneskerettane. Dette er dokumentert ein rekke gangar, og blei igjen bekrefta i NOU 2016:7 «På lik linje – 8 løft for å realisere grunnleggande rettar for personar med utviklingshemming og Helsetilsynets rapport «Det gjelder livet» etter landsomfattande tilsyn i 2016.

Helsetilsynet uttalte at «forholdene ikke kunne vært verre» i desse tenestene og pekte på manglande kompetanse som ein av årsakene. Dei avdekket samtidig brott på FN-konvensjonen om rettar til personer med nedsatt funksjonsevne. Her må helsetilsynet gjennomføre hyppigare tilsyn, kontroll og oppfølging av tenestene, slik at mangla blir retta opp.

Regjeringa lovde ein oppfølging av NOU-en «På lik linje» innan kort tid. Det er no over 2 år sidan Stortinget vedtok at dei vil ha ein melding med forslag til tiltak som sikrar at utviklingshemma får oppfylt sine menneskerettar på lik linje med andre.

Også under pandemien har vi opplevd tydelege brot på rettane til personar med utviklingshemming. Over 40 prosent av landet sine kommunar innførte ulovleg besøksstans for utviklingshemma. Personar som treng faste rutinar og tryggleik i kvardagen blei ulovleg isolert. I ettertid har KS unnskyldt dette med at kommunane misforstod regelverket.

Vi kan ikkje akseptera at deler av befolkninga får rettane sine ignorert, og at det er nærmast tilfeldig kven som følgjer reglane. For at personar med utviklingshemming skal oppleve same rettsvern og tryggleik som den øvre befolkninga må kompetansen hevast i kommunane.

Helse- og omsorgstenestelova lister opp ein rekke yrker kommunen må binde til seg for å kunne tilby trygge tenester. Sjølv etter mange år med protestar frå brukarorganisasjonar og fagforeiningane er ikkje vernepleiarane oppført som nødvendig kompetanse.

Det er på tide at alle får tryggleiken dei har krav på. Då må vernepleiarkompetansen lovfestast, vi må utdanne fleire og lønnsnivået må aukast, slik at vi sikrar rekruttering i framtida.

Ifølgje NAV var vernepleiarar den tredje mest etterspurde yrkesgruppa i 2020. Likevel blei det berre oppretta 87 nye studieplassar på vernepleiarutdanninga. Det er registrert 4 814 førstevalssøkjarar til 1 117 planlagde studieplassar i vernepleiarutdanninga i 2021. I Vestland fylke fekk 130 studentar studieplass av 3456 søkjarar. Det betyr at mange mister høve til å studere vernepleie. FO meiner at studiekapasiteten til vernepleiarutdanninga må aukast med minst 10 % årleg dei neste 10 åra for å få ned mangelen på vernepleiarar.

13.september er det stortingsval. Eit samfunn er ikkje betre enn tilbodet det gir til sine mest sårbare. Gje di stemme til eit parti som prioriterer tilbodet til utviklingshemma og som prioritera å utdanne fleire vernepleiarar!

Siv Aspeseter – leiar profesjonsfagleg utval for vernepleiarar i FO Vestland

Ann-Kristin Nygård – nestleiar FO Vestland