15 år er gått sidan  Aetat og trygdeetaten blei slått saman til NAV. Tanken var god. I staden for å sitte på kvar sin holme, skulle stat og kommune jobbe effektivt saman og gje eit saumlaust tilbod til innbyggjarane. Ein etat skulle handtera alt. Når det er sagt så har det likevel vore ein del skjær i sjøen. For mange har NAV stått frem som ein komplisert organisasjon. Mange brukarar har problem med å orientera seg og kome i kontakt med riktig instans eller person. For menneske i sårbare livssituasjonar kan det stå frem som vanskeleg å forhalda seg til kompleksiteten innanfor NAV, finne frem til riktig skjema og forstå saksgangen. NAV er til for brukarane. Det er difor behov for ein heilskapleg gjennomgang av NAV.

FO organiserer tilsette innanfor både statleg og kommunal styringslinje i NAV. Vi organiserer dyktige og engasjerte sosialarbeidarar som kvar dag arbeidar for tryggleiken til dei som treng det mest. Pandemien har ført til eit aukande press på NAV. Mange arbeidstakarar har blitt permittert og fleire har mista jobben. Tryggleiken har falt bort. Tall søknadar til NAV eksploderte. Samtidig hamna dei tilsette på heimekontor, slik som mange andre i landet. Våre medlemmer som er tilsett i NAV har jobba hardt og gjort ein heltemodig innsats under pandemien. Vi treng tryggleiken som dei og NAV representera.

Alle ønsker det same: Bistanden vi treng og har krav på. For å få rett hjelp må vi kome i kontakt med den rette tilsette som har rett kompetanse.

NAV må byggjast på sosialfagleg kompetanse og tverrfagleg samarbeid. Våre medlemmer er tydelege på at dei treng meir tid og tillit til å gje best mogleg tilbod. Dei ønskjer mindre mål- og resultatstyring, og høve til å bruke kompetansen sin til å hjelpe. Likedan har regjeringa sine ostehøvelkutt (ABE-kutt) gjennom fleire år, ført til eit redusert NAV som under pandemien måtte handtere ei sjokkarta stigning i arbeidsledigheita. Koronapandemien har vist oss kor viktig det er med ein sterk og aktiv stat.

Mykje av dette kan vi løyse ved å vidareutvikle partnarskapet mellom statleg og kommunalt NAV og ved at NAV-kontorene får meir makt og myndigheit. Nærleik til brukar, lokal kunnskap og lokal saksbehandling er viktig.  I dette partnarskapet må kommunane ha ei like sterk hand på rattet som staten, for det er dei som veit best kor skoen trykker lokalt. Vi har dessverre sett at det har vore ein politisk vilje til å dreie NAV meir bort frå lokalsamfunnet, og sentralisere til større regionale einingar. Dette er ikkje alltid til det beste for innbyggjarane. Digitale løysingar vil ikkje gje alle den bistand dei har behov for.

Vi har allereie ein del forslag til korleis NAV kan bli betre, men vi har ikkje alle svara. Difor er det behov for ein heilskapleg gjennomgang av NAV som handlar om både kompetanse, arbeidsmåtar, organisering og styringsformer. Det er ikkje nok å skrote uforståelege NAV-ord og digitalisere saksbehandlinga på dagpengar og arbeidsavklaringspengar.

Tida er inne for å realisere intensjonen bak NAV, nemleg å gjere det lettare å ta i mot hjelp. Det gode samfunnet kjem ikkje av seg sjølv.

Difor treng vi ein ny regjering. Ei regjering som prioritera ein gjennomgang av NAV. Som prioritera sosialt arbeid. Og som gjev oss eit NAV som både brukarane og dei tilsette fortener.

Godt stortingsval!

Ann-Kristin Nygård – nestleiar FO Vestland

Siv Myking – leiar profesjonsfagleg utval for sosionomar, FO Vestland