Utanforskap er ekstremt samansett, drivarane går på tvers av mange politikkområde og kan variere veldig frå lokalsamfunn til lokalsamfunn. Grunnleggjande vil me i MDG jobbe mot ulikskap i samfunnet, for mangfald og aktiv involvering av utsette grupper, og for at barn og unge skal kjenne meistring og utvikle evner til dialog og sosial omgang i barnehage og skule.

Me vil redusere barnehage- og SFO-prisar for låginntektsfamiliar og styrke områdesatsingane mot utanforskap. Bustadpolitikken må endrast slik at fleire har ein godt plass å bu, og samferdselspolitikken må sikre god mobilitet for dei unge som ikkje har bil - slik at barn av både bønder og servitørar kan kome seg til fritidsaktivitetar med rimeleg buss eller tryggje sykkelvegar. Me ynskjer ei sterk auke av den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom, som mellom anna gir fleire tilgong til ferie og fritidsaktivitetar. I tillegg vi me tredoble støtta til utsatte bymiljø med store levekårsutfordringar, og vidare leggjer opp til at kommunane skal kunne nytte aukte frie middel til å styrke arbeidet mot barnefattigdom. Me ynsker også å leggje til rette for jobbar og tiltaksordningar for unge som har falt ut av opplæringsløpet, og moglegheit for praksisbrev etter tre år i jobb. Ungdom som har falt ut av opplæringsløpet, men som ynskjer seg tilbake, må få det enklare å komme inn att. Dette var nokre konkrete døme, men me ser utanforskap vidare i samanheng med forebyggande psykisk og fysisk helsearbeid, integrering og tilrettelegging for fleirkulturelle og multireligiøse samfunn, skeiv politikk med meir.