Hvilke forebyggende tiltak vil du satse på for å hindre utenforskap blant barn og unge?
Alle born lever i ein familie, stor eller liten. Familien sin tryggleik for arbeidsinntekt og/eller pensjonar/sosiale ytingar er avgjerande for at born og unge skal ha det trygt. I tillegg er bustad og gode bustadforhold avgjerande for sosial tryggleik.
Senterpartiet vil arbeide for:
- Halde fram styrkinga av områdesatsingane for betre å utjamne ulikskapar og særlig målrette dei mot å førebyggje utanforskap og fattigdom blant born og unge.
- Kommunane må gjevast økonomi til å sikre gode og trygge oppvekstsvilkår. Det gjev gode utviklingsmoglegheiter for alle born og bidreg til sosial mobilitet og utjamning.
- Sikre nok og kvalifisert bemanning i skule og barnehagar og satse på fritidsaktivitetar og trygge møteplassar for barn og unge.
- Målretta tiltak for å redusere fattigdom, hjelpe borna i utsette familiar, sikre god inkludering i samfunnet og førebygge utanforskap.
Styrking av familiekontora og betring av ordninga med heimeassistent for familiar med behov, er viktige førebyggjande lavterskeltiltak.