For barna er kanskje det viktigaste å motverke aukande forskjellar, fråfall og utanforskap så tidleg som mogleg i oppveksten. Dei fleste erfaringane viser at tidleg innsats er heilt avgjerande. Når det kjem til ungdom og arbeid er det viktig at vi held fram med ein samordna innsats frå utdanningssystemet, Nav og helsevesenet. Her er det viktig med tett oppfølging for dei enkelte slik at dei får ein veg tilbake til kvardagen og arbeidskvardagen. Noko som eg er særskild stolt av, er at vi har programfesta ein garanti som skal sikre at alle under 30 år er i jobb, under utdanning eller i ein kompetansegivande opplæring innan to månadar. Det meiner eg vil kunne føre mykje godt med seg når vi setter av ressursane til å gjennomføre det i praksis. Ikkje berre som eit prosjekt, men som ein standard.