Dette er ei av dei aller viktigaste sakene vi står ovanfor. Når KrF har påverka budsjetta sidan 2013 har vi prioritert ein auke i barnetrygda som vi veit betyr mest for dei familiane som har minst og vi har heva eingangsstønaden (til dei som ikkje har rett på permisjon) frå drygt 30 til 80 000 kroner. Vidare har vi senka foreldrebetalinga for låginntekstsfamiliar i både SFO og barnehage. For å hindre utanforskap er det viktig å sikre at alle kan delta på fellesaktivitetar, derfor rullar vi ut fritidskortet som skal sikre at alle kan delta på minst ein fritidsaktivitet. Der vil staten dekke 2500 kr og kommunane kan legge på meir.