SV vil styrke barnetrygda for å redusere forskjellane og bekjempe fattigdom. Ved å auke barnetrygda for alle, men samtidig målrette auken inn mot fleirbarnfamiliane og familiar med einslege forsørgarar, vil barnetrygda kunne gje ei konkret hjelp til born som veks opp i fattigdom. I det alternative statsbudsjettet frå SV er det sett av 1,2 milliardar kroner for å auke barnetrygda for alle og innføre syskentillegg. Dessutan vil SV innføre ei statleg pliktig normering av økonomisk sosialhjelp, der barnetrygda vert halde utanfor berekningsgrunnlaget.