Ja, Senterpartiet ønskjer ein heilskapleg gjennomgang av NAV. Det har utvikla seg stor avstand mellom kva som var formålet med NAV-reforma, og kva som har blitt praksisen.  

Senterpartiet prioriterer 3 grep: 

  • Sikre at Nav kontora har minst same opningstid som rådhuset i kommunen.   
  • Sikre ei bemanning med fagfolk som kan gje folk hjelp i tråd med formål og krav  
  • Gje dei lokale Nav kontora ansvar og mynde til å ta avgjersler i alle midlertidige ytingar og oppfølging av arbeidsretta tiltak.  

Førstelinja i NAV må styrkes. Brukarane må få møte kvalifiserte fagfolk som har avgjerdsmynde. Ei slik styrking av dei lokale Nav kontora, betyr at fagfolk må overførast frå forvaltningseininga til Nav si førstelinje. Førstelinja må også styrkast med erfarne folk som får løns- og karriere moglegheiter i tråd med det krevjande ansvaret. Senterpartiet foreslo i budsjettet for 2021 å omprioritere 300 millionar kroner for å styrke førstelinja i Nav.