Her opplev eg at Arbeidarpartiet sitt landsmøtevedtak i stor grad er i tråd med det som FO har teke ordet for i rusdebatten. Det er eit klart behov for reform, Men vi kan ikkje gå ifrå straff til ingenting. Det må vere ei tilbod i den andre enden for alle dei som treng det.

Førebygging er viktig. Men vi må også gjere meir for å hjelpe ungdom ut av rus. Difor er eg glad for at vi no tek til orde for at ungdom som gjer sitt første lovbrot, blir tilbydd tverrfagleg oppfølging av helsetenestene. I tillegg sikrar vedtaket vårt at ungdommane våre ikkje lenger skal bli sittande igjen med rusrelaterte saker på rullebladet for resten av livet.

Ein annan ting som eg også er glad for, er at vi gjer det klart at alle som vender seg til helsepersonell eller som tilkallar hjelp ved ulykker, skal vere trygge på at dei ikkje blir møtt med straffereaksjonar. Dette er ufatteleg viktig. Når krisa rammar, så skal det vere trygt å søke hjelp.

Samstundes er det òg viktig at vi får eit integrert ettervern som sikrar at behandlingsinstitusjonar følgjer opp rusavhengige etter at dei er ferdige med døgnbehandling, og sørgjer for at dei får hjelp til å kome tilbake til ordinært arbeidsliv, utdanning eller anna aktivitet. Samstundes er det avgjerande å gi eit butilbod som har avstand til rusmiljøa.