Me vil styrke rettane til menneske med funksjonsvarians og sørgje for at dei får oppfylt behovet om kvalifisert støtte og hjelp både i jobb og fritid. Me går dessutan inn for å styrke rekrutteringa til slike stillinger gjennom auka satsing på desentralisert utdanning, for å gjere det lettare å få naudsynt kompetanse i fleire delar av landet. 

Eit tiltak som me veit har fungert er øyremerka middel til kompetanseutvikling kombinert med skjerpa krav til relevant, høgare utdanning i tenester til folk med utviklingshemming. Ved å kravfeste at ein bestemd del av dei tilsette har relevant, høgare utdanning innan ei viss tid, og kombinere det med ei støtteordning for kompetanseutvikling, vil kommunane kunne vidareutdanne personell som allereie jobbar i tenestene. Det vil vera eit effektivt tiltak for å behalde personell samsundes som kommunane og brukarane får eit godt og naudsynt kompetanselyftet.