Venstre har gjennom regjeringa si satsing dei siste åra sørga for at primærhelsetenesta har auka tal stillingar vesentleg, sjølv om trongen framleis er stor. Løyvingane til kommunane har auka med auka oppgåver og ønskje om å prioritere førebygging og hjelp på lågaste nivå i omsorgstrappa. Kompetansen må aukast og det er trong for personell med ulik god og riktig kompetanse.  For å få til det videreførast Kompetanseløft 2020 i eit nytt kompetanseløft: Kompetanseløft 2025. Vi vil også legge til rette for meir desentralisert vernepleiarutdanning som gjer det lettare for dei som allereie er i familie og jobb å ta slik utdanning lokalt.