SV vil styrke rådgjevingstenesta og sikre fleire miljøterapeutar, skulehelsesjukepleiarar og skulepsykologar i skulen. Både elevar og lærarar skal kjenne seg trygge og ivaretekne på skulen. For at alle skal ha det bra, bli sett og høyrt og få eit betre grunnlag for å gjennomføre skulen, treng vi miljøterapeutar på alle skular. Vi har ikkje programfesta at vi skal arbeide for lovfesting av miljøterapeutar i skulen.