Eg har i mange år brenne for fleire yrkesgrupper inn i skulen. Eg er sjølv lærarutdanning, og arbeidde som rektor når eg vart ordførar. Då valde eg sjølv å tilsette vernepleiar i skulen. Men eg ser gjerne at skulen får både miljøterapeutar, auka tilgang på helsesjukepleiar, og eg ynskjer med psykologteneste tilknytt skulane, slik at borna får hjelp der dei er – i staden for å måtte ta seg fridagar for å reise langt av garde for å få slik hjelp i nabokommunar. Born som får hjelp og tilrettelegging der dei er går ikkje glipp av det sosiale i klassen, og i skulemiljøet. Eg er framleis ikkje der at eg meiner vi skal lovfeste det, for i så fall må midlane samtidig følgje med, og det gjer dei dessverre sjeldan, sjølv om det burde vere ei sjølvfølgje ved pålegg. Ved lovpålegg går det såleis ut over handlingsromet til kommunane.