SV meiner det må bli slutt på at offentleg sektor vert styrt etter reine marknadssprinsipp. SV går difor i bresjen for at ei brei tillitsreform der innbyggarar, tilsette og folkevalde går saman for å skape bedre velferd. Fagleg skjønn må vere styrande, ikkje detalj og målstyring ovanifrå. Tilsette må ha skikkelige lønns og arbeidsvilkår, tid og tillit til å gjere jobben sin, ikkje meir skjemavelde og kontroll og kutt i bemanninga. Velferdsstaten må bygge på felleskap, solidaritet, sosial rettferd og tillit. Nær mennesket fungerer det dårleg med rigid standardisering og tellekant. I nnbyggarane sine behov må vere avgjerande for velferdstenestene, ikkje standarsdisering og stykkprisfinansiering. Tillitsreformen vi vil gjennomføre gjeld alle nivå i velferdsstaten, lokalt og nasjonalt.