MDG sett førebygging høgt i all politikk, og vil styrke barneverntenesta, som ein av våre viktigaste kommunale verksemder. Kor ein bur skal ikkje ha noko å seie når ein treng hjelp eller vegleiing. Me går mellom anna inn for å innføre ein vegleiande bemanningsnorm i den kommunale barneverntenesta, i samråd med aktuelle fagorganisasjonar, tillitsvalgde og KS, og vil øyremerke middel til fleire stillingar, til bemanningsnormen er nådd i ein opptrappingsplan på 4 år. Me vil også sørgje for at aktuelle hjelpeinstansar og tiltak som NAV, støttekontakt, hjemmehjelp o.l. er raskt tilgjengelig og utan unødig bruk av byråkrati, forsterke samhandlingen mellom skolehelsetjenesten, barnevernet, psykisk helsevern og fastlegene, og leggje til rette for tverrkommunalt samarbeid i mindre kommuner, slik at tilsette har støtte i et større fagmiljø.


Bemanningsnormen bør inkludere meir enn talet saker, og leggje til grunn tal for f.eks folkehelse, barn/unge, fattigdom og sosioøkonomiske forhold. Bemanningsnormane bør basere seg på heilskaplege analyser slik at barneverntjenestene kan jobbe med å handtere saker, men også jobbe preventivt og oppsøkande.