Hvordan vil du sikre nok tid og bemanning for å gi gode tjenester i barnevernet?
Senterpartiet vil styrke fellesskapsløysingane. Vi vil at ansvar og drift av viktige velferdstenester framleis skal ligge hos kommunar og fylkeskommunar. Senterpartiet vil òg arbeide for å avvikle bruken av konkurranseutsetting og anbod i barnevernssektoren, samt styrke den kommunale barnevernstenesta og trappe ned bruken av dei kommersielle barnevernstenestene. I vårt alternative budsjett foreslo vi å auke midlane til det kommunale barnevernet med 230 mill. kroner, for å styrke og auke bemanninga.